Hopp til innhold

Her finn dei skadar av urin frå flaggermus

I verste fall må ein av stavane i Urnes stavkyrkje skiftast ut på grunn av skadar frå urin.

Viser fram oppflisa treverk i Urnes stavkyrkje

ØYDELAGT TREVERK: Ein konservator frå Riksantikvaren viser fram litt av skadane som har oppstått på grunn av urin frå flaggermus. Salt frå urinen fører til nedbryting av treverket.

Foto: Kjersti Marie Ellewsen

Kjersti Marie Ellewsen gjer uttak av saltprøve i Urnes stavkyrkje

SALTPRØVE: Kjersti Marie Ellewsen gjer uttak av saltprøve i Urnes stavkyrkje.

Foto: Leif Anker

– Det er viktig å ta vare på stavkyrkja. No prøver vi å finne ei løysing som fungerer både for kyrkja og flaggermusene, fortel seniorrådgjevar Kjersti Marie Ellewsen hos Riksantikvaren til Bergens Tidende.

Urin frå flaggermusene som har budd i kyrkja trugar no ein av stavane i Urnes stavkyrkje. Midtromsstaven er datert til 1058, og er som mykje av treverket truleg hogd på 1130-talet.

– I verste fall må vi skifte ut både denne midtromsstaven og ei sville som ber ein del av taket. Det vil vi helst ikkje, for alle stavane i kyrkja er av opphavleg treverk. Om vi må skifte dei, reduserer vi verdien av kyrkja, seier Ellewsen til NRK.

Saltutslag på treverk i Urnes stavkirke

TYDELEGE SPOR: Saltutslag på treverk i Urnes stavkyrkje.

Foto: Kjersti Marie Ellewsen

Freda kulturminne vs. freda dyreart

Urnes er rekna som den eldste stavkyrkja i landet, og er den einaste norske stavkyrkja på Unesco si verdsarvliste. Ifølgje seniorrådgjevaren trekkjer urin frå flaggermus inn i treverket. Når det er tørt nok, krystalliserer saltet seg og gir skadar.

– Det er både mekanisk og kjemisk nedbryting av treverket. No prøver vi å finne ut kva som blir øydelagt, seier Ellewsen.

– Er det mogleg å redde den utsette staven?

– Vi håpar å unngå at flaggermusa held fram å bu i denne staven. Men her har vi eit freda kulturminne mot ein freda art, så vi må gå veldig forsiktig fram og finne alternative buplassar for flaggermusene som er der, seier Ellewsen.

Er konservatoren heldig, har flaggermusene allereie flytta ut. Då vil ho prøve å vaske ut urinen i staven og på den måten stoppe nedbrytinga i treverket.

Har funne ferske ekskrement

Viltkamera sett opp i Urnes stavkyrkje

VILTKAMERA: Kjersti Marie Ellewsen har sett opp viltkamera i kyrkja, men har ikkje fanga opp mykje aktivitet til no.

Foto: Kjersti Marie Ellewsen

Ifølgje Bergens Tidende er det truleg arten brunlangøyre som har funne vegen inn i kyrkja. Denne flaggermusa er ikkje uvanleg i kyrkjebygg.

– I motsetning til mange andre artar likar dei godt å hengje fritt framfor å gøyme seg i små holrom, fortel flaggermusekspert og konservator ved Helgeland museum, Per Ole Syvertsen, til avisa.

Ellewsen har no sett opp eit viltkamera inne i stavkyrkja. Håpet er å få fanga dei uønskte gjestane på film. Så langt har det derimot vore lite aktivitet, men ho har funne fersk avføring også i år. Ho fryktar at flaggermusa snart vender tilbake. Då vil ho prøve å lokke dyra bort frå sjølve kyrkja.

– Vi kjem til å hengje opp flaggermuskassar anten på loftet eller i tre rundt kyrkja. Det skal vere effektivt å gjere det på loftet, men eg er samstundes redd kassane kan trekkje til seg fleire. Så vi har førebels ikkje konkludert på korleis vi skal gjere det, seier Ellewsen.