Hopp til innhold

Her fiksar Kristina og Siv lunsj for heile skulen

Nær halvparten av barn i 1. til 4. klasse har for dårleg tid til å ete matpakken.

montesorri kjølsdalen

SKULELUSJ: 7.-klassingane Siv Merete Humborstad og Kristina Berstad har kjøkkenteneste på Kjølsdalen Montessoriskule. Prosjektet skal sørgje for at elevane får nok tid til å ete skulematen sin.

Foto: Thomas hals

– Det er kjekt å sleppe å berre ete skiver. No får vi både eggerøre og suppe på skulen, seier Kristina Berset (12).

Ho og klassekameraten Siv Merete har hatt kjøkkenteneste på Kjølsdalen Montessoriskule. Her har dei laga lunsj for alle elevane ved skulen. Slik skal dei sørgje for at elevane får nok tid til å ete i skuletida.

Det er det nemleg langt frå alle som får.

– Alvorleg

ari Helene Kårstad

TIDSKLEMME: - Vi høyrer ofte frå både foreldre og elevar at det er for knapp tid til å ete på skulen, seier Mari Helene Kårstad ved ved Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Foto: Adalheidur Oldeide

Målet er at alle elevar i grunnskulen skal ha minst tjue minuttar til å ete matpakken sin, ifølgje Helsedirektoratet sine retningslinjer.

Men ifølgje ei undersøking dei utførte i i 2013, er det berre litt over halvparten av barn i 1. til 4. klasse som faktisk får så god tid til skulemat.

Mari Helene Kårstad ved Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet seier det er alvorleg at så mange barn må ete under stress.

– Det er klart det får negative konsekvensar. Både for humør, konsentrasjon, og ikkje minst læringa.

– Ei positiv oppleving

Rektor ved Kjølsdalen Montessoriskule, Thomas Hals, seier han var usikker på korleis det kom til å fungere å la ungane lage skulelunsjen, men hevdar det har gått over all forventning.

– Vi merka ein stor skilnad. No samlar alle seg og et i lag, både vaksne og barn. Dei tek seg god tid til å ete, og det blir ei positiv oppleving.

Fokus på det sosiale

Kårstad håpar fleire skular ser til skulematordninga ved Montessoriskulen i Kjølsdalen.

– Det er ei spennande løysing dei har kome fram til. Dessutan har dei fokus på det sosiale også. I arbeidslivet blir vi jo kjende med kvarandre gjennom måltid. Eg trur det er ein viktig verdi å ta vare på.

Sjølv om 12 år gamle Kristina ofte lagar mat på skulen, vedgår ho at det har blitt lite kokkekunst på kjøkenet heime.

– Eg er ikkje så flink til å lage middag heime, men kanskje eg kan gjere det av og til, for eg er faktisk blitt flinkare til å lage mat.