Hopp til innhold

Her får treåringen draumen oppfylt

FLORØ (NRK): I fleire dagar har mor slite med dårleg samvit, fordi ho trudde ho hadde sett ein stoppar for draumen til sonen. Men så kom dei til Florø.

Open dag brannstasjon
Foto: Truls Kleiven / NRK

– Vi skulle på open dag heime i Bergen, men måtte reise til Florø med eldstemann på handballkamp. Han hadde gledd seg i fleire månadar. Eg søkte og søkte om eg kunne finne at det skulle vere open dag på brannstasjonen også i Florø, men fann ingenting.

Det seier Lene Cecilie Haavaldsen, som sat med ein stor klump i magen når ho let snart tre år gamle Mats Thèo Slethaug Haavaldsen lide seg gjennom fire timar biltur til Florø.

– Men vi landa midt i smørauget. Lukka var komplett og han var heilt vill når han sprang rundt her. Dette var innertiar på alle moglege måtar, ler Haavaldsen.

Open dag brannstasjonen i Florø

INNERTIAR: Det var ikkje berre for vesle Mats Theo det var innertiar med open dag på brannstasjonen.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Moro og førebygging

Landet rundt blir det i dag arrangert open dag på brannstasjonar, som del av den nasjonale brannvernveka.

I Florø har brannvesenet besøkt barnehagar heile veka. I dag var den store finalen, og med foreldre var mellom fem og seks hundre innom brannstasjonen i dag. Målet er flest mogleg. Det handlar om førebygging, tryggleik og tillit.

– Dei får sjå korleis stasjonen ser ut. Dei får prøve å sløkke brann. Og dei kan få ei spørsmålsløype og vinne diplom. Det handlar om førebygging. Foreldra blir også obs på kva dei skal tenke på. Og som regel er det barna som er flinkast å arrestere om ting ikkje er som dei skal heimen, seier brannkonstabel Bjarte Nesheim.

open dag brannstasjonen florø

SLØKKING: Både ungar og vaksne kunne prøve å sløkke brannar og ta testar for å sjekke kunnskapane sine.

Foto: Truls Kleiven / NRKq

Men det handlar også om moro.

– Dei får også turen med brannbil. Det som er soleklart mest populært, seier Nesheim.

Brannbilseng og hjelm

– Han er den mammadalten. Men når fotografen spurte om han kunne vere med i brannbilen kom eit stor «okei!». Og det gliset. Herleg!

Mor Lene Cecilie Haavaldsen kan altså puste letta ut. Sonen fekk draumen oppfylt.

Mats Thèo Slethaug Haavaldsen

KØYRE BRANNBIL: Mats Thèo Slethaug Haavaldsen fekk ikkje mindre enn to turar med brannbilen. Det var populært.

Foto: Truls Kleiven / NRK

300 hjelmar og mange andre rekvisita vart rivne vekk i Florø i dag. Ein av hjelmane fekk Mats Thèo Slethaug Haavaldsen. Den blir nok ikkje liggande bakarst i eit skap.

– Han er langt over gjennomsnittet interessert. For to veker sidan fekk han ny seng. Ei brannbilseng! Han køyrer kvar dag, så du kan vere trygg på at hjelmen blir godt brukt, seier Haavaldsen.