Hopp til innhold

Her får russen knute for å testa seg for klamydia

FØRDE (NRK): Det vart lange køar utanfor kontoret til helsesøster då Hafstad VGS i Førde arrangerte «Klamydiadag».

Jorunn Eldegard, helsesøster og raudruss Karete Dvergsdal

TRAVELT: Helsesøster Jorunn Eldegard hadde ein travel dag med alle som nytta seg av mogelegheita for å ta klamydiatest gratis. Karete Dvergsdal (t.h.) er prevensjonssjef for russen på Hafstad VGS, der russen har eigen knute for dei som testar seg.

Foto: Ole Heilevang / NRK

– Eg er så stolt over elevane som kjem her og testar seg. Det er veldig viktig, seier helsesøster ved Hafstad VGS i Førde, Jorunn Eldegard.

Måndag var alle elevane på skulen invitert til «Klamydiadag» der dei fekk teste seg gratis. Årleg får om lag 25.000 personar kjønnssjukdommen i Noreg og på grunn av lite symptom er det mange som har klamydia utan at dei veit om det sjølv (sjå faktaboks).

Får knute

Blant dei ivrigaste til å nytta tilbodet var russen. Karete Dvergsdal er raudruss i år og prevensjonssjef for russen ved den vidaregåande skulen i Førde.

– Eg har oppmoda alle som er russ om å testa seg. Vi vil ha ein klamydiafri skule.

– Kva gjer du som prevensjonssjef? Går du rundt med kondom på innerlomma?

– Ja, seier Dvergsdal og ler, før ho fortel at ho deler det ut til medruss på skulen og på fest gjennom russetida.

– Å testa seg er veldig enkelt og greitt. Vi har og ein russeknute som alle som testar seg får, legg ho til.

Gratis for alle

Det er ikkje berre på Hafstad VGS at russen og ungdom kan få testa seg gratis for kjønnssjukdommar.

– Alle kommunane i fylket har helsestasjon for ungdom der dei kan gå innom og testa seg. Det er gratis, ein treng ikkje timebestilling og testen gjer ungdommane sjølve. Så leverer vi den vidare til sjukehuset og så har ein svaret etter om lag halvanna veke, seier helsesøster Eldegard.

Helsesøster Jorunn Eldegard på Hafstad VGS

TEST: Helsesøster Jorunn Eldegard forklarar elevane på Hafstad VGS korleis klamydiatesten fungerer.

Foto: Ole Heilevang / NRK