NRK Meny
Normal

Her får Nikoline surfe i skuletida

HODDEVIK (NRK): Med storhavet som næraste nabo, er det slett ikkje unaturleg at ungdomsskuleelevane på Stadlandet får bytte ut symjeundervisning med surfing.

Åttandeklassingen Nikoline er ein av elevane som får symjeundervisninga på surfebrett i Stadhavet.

SPENNANDE UNDERVISNING: Dei største elevande på skulen på Stad har byta ut symjebasseng med surfebrett.

NRK fekk vere med då Nikoline Gloppestad og dei andre åttandeklassingane drog frå skulen og ut til surfeparadiset Hoddevik, der surfarar frå alle verdshjørner valfartar året rundt.

– Eg gler meg kjempemasse. I starten var det snakk om at det berre var niande og tiande, så vi håpa at vi også skulle få lov til å bli med. Det vanskelegaste med å surfe er å kome seg opp og stå når eg er i bølgja, seier Nikkoline og smiler.

I TV-saka over kan du sjå om Nikoline verkeleg klarte å kome seg opp i ståande stilling på det vanskelege surfebrettet!

Rektor på skulen, Anita Otneim Hoddevik, er overtydd om at det å byte ut vanleg symjeundervisning med surfetrening er heilt ok.

– Dei får jo lære seg å takle havet. Det er kjempeviktig, for statistikken viser at mange som lærer seg å symje i basseng, ikkje klarar å berge seg sjølv når dei kjem ut i havet.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå