Her får kong Harald laks i Lærdalselvi

LÆRDAL (NRK) Som ein ekte gentleman løfta kong Harald på lua og takka for kampen då laksen han nettopp hadde landa, vart slept ut att i Lærdalselvi.

Kong Harald får laks i Lærdalselvi

FAST FISK: Etter ein kort kamp har den røynde sportsfiskaren kong Harald henta inn laksen og kleppar Torkjell Grimelid sikrar fangsten med hov.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Dramaet og Kongens gest utspant seg i «Båthølen» i Lærdalselvi i 21-tida måndag kveld.

Kong Harald stod og fiska med fluge då laksen beit. Etter ein kort og roleg kamp drog Kongen laksen til land. Der stod kleppar Torkjell Grimelid klar med hoven. Fangsten, ein mellomstor laks, vart først målt og deretter løfta opp slik at Kongen kunne sjå den. Deretter vart fisken slept ut att i elva for å leve livet sitt vidare.

Les også: Kongen og Kungen på fisketur

Men i augneblinken som klepparen lét laksen gå, løfta Kongen skyggelua som ein gest til laksen, ein slags takk for kampen, før fisken stupte ned att i hølen den kom ifrå.

Kong Harald får laks i Lærdalselvi

GESTEN: Her set Kongen lua på plass etter å ha løfta den til ære for laksen som kleppar Grimelid slepte ut att i Lærdalselvi.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Fekk fort napp

Det pågår eit historisk kongemøte i Lærdal. Kong Carl Gustaf av Sverige og kong Harald fiskar etter laks og sjøaure i elva som er kalla «Dronninga blant lakseelvar».

Det tok ikkje lang tid frå kong Harald kom til Lærdal før han var å finne ved breidda av elva han sjølv kallar «mi andre dronning».

NRK henvende seg til Kongens politieskorte og gjorde avtale om å få ta eit par bilete av Kongen i høve det historiske kongemøtet i elva.

Då høyrdest plutseleg eit «plask». NRK vart tilfeldig vitne til at Kongen fekk fisk. Så røynd laksefiskar som Kongen er, hadde han ikkje gjort mange kasta før laksen sat på fluga. Kleppar Torkjell Grimelid ilte til med hoven.

Kong Harald får laks i Lærdalselvi
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Roleg kamp

Kong Harald køyrde ikkje laksen mykje. Etter ein liten og skånsam kamp som varde i 7–8 minuttar drog majesteten laksen kontrollert inn til breidda der klepparen stod klar. Med laksen trygt i hoven pusta Kongen ut.

Bileta viser at fangsten truleg er ein mellomstor laks, kanskje mellom tre og fem kilo. Kleppar Grimelid løftar deretter fisken opp slik at kongen får sjå den, før laksen blir slept ut att i hølen.

I Lærdalselvi blir det praktisert «catch and release», og spesielt holaks skal ut att i elva for å sikre framtida til laksestamma. Etter å ha sett laksen fri gjekk Grimelid opp og gratulerte ein nøgd konge.

Kong Harald får laks i Lærdalselvi

GRATULERER: Kleppar Torkjell Grimelid gratulerer kong Harald med lærdalslaksen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Kjærleik

Kongen fekk laks på den første turen ned til elva etter at han kom til Lærdal måndag.

Etter ein times tid reiste kong Harald vidare for å fiske saman med kong Carl Gustaf lenger nede i den berømte elva.

Lærdalselvi er kong Harald si favorittelv. Kongen har fiska i elva sidan byrjinga av 1950-talet.