NRK Meny
Normal

Her får Knut gladmeldinga

Historia om Knut Grimeland, mannen som følgde heile den fem døgn lange hurtigruteseglasen på fjernsyn, gjekk landet rundt. Responsen frå folket har vore enorm. No skal Hurtigruteentusiasten endeleg få oppleva turen på ordentleg.

Knut Grimeland får meldinga

No skal båtentusiasten få oppleva Hurtigruten ein gong til - men denne gangen på ordentleg.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er ei heilt fantastisk historie om Grimeland sitt nydelege engasjement knytt til Hurtigruten og norskekysten, seier kommunikasjonsrådgjevar i Hurtigruten, Stein Lillebo.

Stein Lillebo

Stein Lillebo i Hurtigruten seier at historia om Grimeland trefte dei rett i hjartet.

Foto: Hurtigruten ASA/ Art Rent AS

NRK skreiv onsdag om 82-åringen Knut Grimeland som følgde heile den fem døgn lange hurtigrutereisa på NRK2 heime i godstolen. Då MS Nordnorge la til kai i Kirkenes like før klokka 10 onsdag, hadde den ivrige sjåaren fått med seg imponerande 30 av 34 anløp.

– Me kjem til å gi Grimeland ei gratis reise frå Kirkenes til Bergen, seier Lillebo.

Overraska

Gladmeldinga frå Hurtigruten kom tydeleg overraskande på 82-åringen, men han tok i mot meldinga med fatning.

– Det blir fem nye døgn med lite søvn, denne gongen skal eg få med meg absolutt alle stoppestadene, seier ein glad Grimeland.

Han vart tydeleg rørt i auga då Hurtigruten ringte for å overbringa gladmeldinga. Grimeland har aldri fått oppleva heile seglasen, det næraste han har vore var då han og ein kamerat tok Hurtigruta frå Florø til Trondheim sumaren 1950.

61 år seinare skal han endeleg få fullføra reisa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knut Grimeland

Slik sat Grimeland nesten uavbroten i fem døgn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Enorm respons

Responsen frå folket har vore stor. Det er allereie blitt oppretta støttegrupper på Facebook med innsamling slik at Grimeland skulle få realisera draumen, og Twittermeldingane vore mange.

«– Har ikkje brukt senga på fem døgn - NRK Sogn og Fjordane - NRK Nyhende, gi denne mannen en gratistur med Hurtigruta!!» – Rannei Mesloe, Twitter

«Rørende, rett og slett!» – Hilde Ekeberg, Twitter

– Det er utruleg sjarmerande, og han syner ein utruleg entusiasme rundt hurtigruten. Heile historia er veldig rørande, spesielt når han levde seg so godt inn i sendinga at han trudde han var på båten då den skulle leggja frå kai. Det vitnar om ei enorm interesse og eit stort engasjement rundt dette, seier ein av dei som har delt historia via Twitter, Rannei Mesloe.

Støttegruppene på Facebook som har starta innsamlingsaksjon, vil no gi pengane dei har fått inn, til Redningsselskapet.

– Trefte rett i hjartet

– Denne saka trefte oss rett i hjartet, og me er glade for å kunne bidra til at Grimeland skal få ei komplett hurtigrutesegling. Eg trur det er den mest rørande av alle historiene me har fått høyre dei siste dagane i samband med denne turen.

Lillebo seier at dei diskuterte det raskt etter at historia kom ut, og fann tidleg ut at dette måtte dei hjelpe han med.

– Det er ikkje i mange situasjonar me kan gjera slike ting, men ingenting vil gleda oss meir enn å hjelpe Knut til å fullføra reisa. Når NRK hjelpte han frå Bergen til Kirkenes, vil det vera ei glede for oss å hjelpe han so han får sjå den andre vegen òg - denne gangen på ekte.

Vegopning på Bergum i Førde kommune