Hopp til innhold

Her får ikkje skulebussen køyre

Verken skulebuss eller mjølkebil vil førebels køyre til Navelsaker etter at det rasa på den einaste vegen til bygda.

Fylkesveg 664 til Navelsaker

HER FÅR DEI FØREBELS IKKJE KØYRE: Verken skulebussjåførane til Firda Billag eller mjølkebilsjåførane til Tine vil køyre til Navelsaker etter at det rasa på vegen andre juledag.

Foto: Siv Lefdal, Firda Billag

Om kvelden andre juledag rasa store steinblokkar ned på fylkesveg 664, den einaste vegen til dei 19 innbyggjarane i den vesle bygda i Eid.

I dag skulle skulebussen henta to elevar i bygda, og køyrt dei til skule på Hjelle. Men i samråd med oppdragsgjevaren Sogn og Fjordane fylkeskommune, vil ikkje transportselskapet Firda Billag la bussen køyre dit før ein geolog har vore på staden.

– Vi er i utgangspunktet litt skeptiske til å sende skulebussen inn i eit rasutsett område. Vi har hatt synfaring, og det viser seg at delar av vegbana er rasa ut på høgre side, så det er vanskeleg å kome forbi med store køyretøy, seier trafikksjef for Firda Billag Buss, Frode Romarheim.

– Kva skal til for at de tenkjer det er trygt å sende bussen dit?

– For det første må køyrebana utbetrast, så det er forsvarleg å køyre inn med buss. For det andre må vi vere sikre på at der ikkje er meir rasfare på oppsida av vegen, seier Romarheim.

Gjer vurdering i dag

Prosjektleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen, Lars Erik Karlsen, seier dei var på synfaring på staden tredje juledag, og dei var igjen på synfaring i går.

Vegvesenet har frå før vore i gang med å sikre ein mur på utsida i same område, etter sig i vegbana. I går gjorde dei tiltak på vegen. Geologen kjem til staden i dag.

– Vi skal vurdere området der blokka kom ned, og sjå om meir må sikrast oppe i fjellsida der. Vi må sjå om det er trygt å ha trafikken gåande nedanfor og for oss å arbeide med muren, seier Karlsen.

Mjølkebilen må vente

Øystein Førde Navelsaker er far til begge dei to barna som vanlegvis følgjer skulebussen frå Navelsaker til Hjelle. Barna er 7 og 8 år gamle. Om få år vil dei få følgje av fem barn til frå grenda, som då er komne i skulealder.

– Ein tenkjer jo på det, men det er slik det er. Det er ein risiko vi tek når vi buset oss her. Men det er klart at det er eit stort behov for sikring av vegen, seier han.

Heller ikkje Tine har villa la sine mjølkebilsjåførar køyre til Navelsaker før dei reknar vegen som trygg. Som følgje av dette har ein bonde i grenda måtta tappe ut litervis med mjølk, skriv avisa Fjordabladet.

– Det var grunna tryggleiken for sjåfør og bil. Det har rasa ein god del stein i det siste, og sist gong han var inn måtte sjåføren plukka vekk ein god del stein. På veg tilbake rasa det etter at han passerte, fortel Tore Naustdal, transportleiar i Tine.

Fredag er neste faste hentedag i Navelsaker. Også Tine ventar og ser tilbakemeldinga frå geologen til vegvesenet.

– Viss geologen godkjenner at vi kan køyre inn der, så gjer vi det.

Har vore på lista i 40 år

Fylkesveg 664 har vore på prioriteringslista for rassikring i snart 40 år. NRK har tidlegare fortalt at staten skal bruke 3,7 milliardar kroner på å sikre vegane til ti småbygder mot ras. Rassikring til Navelsaker vil koste 300 millionar kroner. Vegen er i snitt stengt ni døgn i året. I snitt er det 25 små og store rashendingar årleg.

Ras på vegen til Navelsaker

RASSTADEN: Dette fotoet er teke i romjula. Slik såg vegen ut etter at det rasa der om kvelden andre juledag.

Foto: Mariann Navelsaker

– Denne strekninga har vore på inn og ut av prioriteringslista til fylkeskommunen i fleire tiår og det har vore ein lang kamp, sa Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) etter raset som gjekk andre juledag.

No står vegen på tredje plass på prioriteringslista til Sogn og Fjordane fylkeskommune og det er venta at rassikring av vegen vil byrje innan 2027.

Ras på vegen til Navelsaker

RASSTADEN: Dette fotoet er teke i romjula. Slik såg vegen ut etter at det rasa der om kvelden andre juledag.

Foto: Mariann Navelsaker

– Dette blir berre viktigare og viktigare. Det er ungar som skal reise til skule på denne strekninga. Det å leve med denne frykta i kvardagen over tid er ikkje haldbart, meiner Bjørlo.

Navelsaker

EINASTE VEG: Fylkesveg 664 er einaste veg til innbyggjarane i grenda Navelsaker.