Dramatisk video: Her får han vogntoget rett i fronten

LEIKANGER (NRK): Svein Eirik Heggestad rakk ikkje å tenke før vogna på det svenske vogntoget trefte midt i fronten på tankbilen han køyrde.

RETT I FRONTEN: Det svenske vogntoget mista kontrollen på veg ned Lundebakken på riksveg 5.

12. mars var Heggestad på veg mot Sogn på riksveg 5. I det elendige vêret sette han kursen opp den bratte Lundebakken i Jølster.

Mot han kjem brått og uventa eit vogntog som mistar kontrollen. Frontkollisjonen er umogleg å unngå og tankbilen veltar utfor vegen.

– Eg høyrde meg sjølv skrike nei, nei, nei, dette går til helvete, sa Heggestad til NRK onsdag.

– Null oppfølging

No tre dagar etter er sogningen vel heime på Leikanger. Sjølv om han hugsar lite frå smellen, så er videoen frå dashbord-kameraet eit synleg bevis på det som skjer.

– Første gongen eg såg videoen så skalv eg som berre det, men det er eigentleg litt godt å sjå det, seier Heggestad til NRK.

Når han no syner videoen til media tre dagar etter ulukka, så har politiet enda ikkje tatt kontakt. Heggestad stiller seg undrande til at det ikkje har skjedd.

– Oppfølginga opp mot meg er jo lik null. Det er utruleg merkeleg at dei ikkje har tatt kontakt, seier den røynde tankbilsjåføren.

Svein Eirik Heggestad heime på Leikanger

SKRAMMER: Svein Eirik Heggestad meiner han kan takke høgare makter for at han slapp frå ulukka nær uskadd.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Politiet vil sjå videoen

Regionlensmann Dag Fiske seier til NRK at årsaka til at dei ikkje har fått gjort avhøyr, er at Heggestad blei frakta til sjukehus. Dei andre blei avhøyrd på staden.

– At vi skal klare å avhøyre alle involverte i ei trafikkulukke innan tre dagar trur eg ikkje kan forventast. Men vi skal ta kontakt så fort som mogleg.

Politiet vil også gjerne sjå videoen, seier Fiske.

– Dei kunne fått sett den først, men no får dei jo ikkje det, slår Heggestad fast.

Den svenske vogntogsjåføren har forklart til NRK at han mista kontrollen over bil og hengar då han kom ut av Fjærlandstunnelen.

– Eg prøvde etter alle kunstens sjåførreglar å rette opp vogna. I staden for å bremse, gassa eg på litt for å forsøke å rette opp slepet. Men dessverre så klarte eg ikkje det, sa Mats Modigh til NRK.