Hopp til innhold

Ordføraren var budd på kritiske røyster mot handelsparken

Byutviklingsplanane til Førde kommune vart møtt med kritiske røyster – og ei underskriftsliste innehaldande nær 6.000 underskrifter – under folkemøtet tysdag.

Esther-Johanne Sande overrekte underskriftslistene til ordførar Olve Grotle (H).

SJÅ VIDEO: Esther-Johanne Sande kom med ei oppmoding til politikarane og Førde kommune då ho overrekte ordførar Olve Grotle (H) dei 5.600 underskriftene mot den planlagde sentrumsutviklinga. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Spesielt var det bustadbygginga i sentrum og satsinga på handelsparken på Brulandsvellene som engasjerte dei mange frammøtte på rådhuset.

– Det var ikkje fleire kritiske røyster enn vi hadde venta. Vi var klar over at dei ville bruke møtet til å kome med sine synspunkt, men det er veldig flott at så mange engasjerer seg, sa ordførar Olve Grotle (H) etter møtet.

Renovering av Førde

For interessa kring folkemøtet overgjekk forventingane til kommunen. Bystyresalen vart raskt fylt opp, så kantina måtte også takast i bruk. Til slutt vart alle samla i kantina.

– Eg hadde aldri trudd at det skulle bli så mange. Vi skulle kanskje vore på Førdehuset likevel, vedgjekk plan- og byggjesjef Odd Harry Strømsli før han tok laus på planane kommunen har lagt.

I korte trekk skal byen Førde omstrukturerast. Innan 2027 er målet 15.400 innbyggjarar, noko som utløyser behov for 1.200 nye bustader. Desse skal i hovudsak byggjast i sentrum.

– Har liten tillit

På Brulandsvellene ynskjer ein å etablere ein handelspark for det som ikkje er detaljhandel. Den skal framleis vere i sentrum. Så skal også handelshusa. I tillegg skal Moskog og Ytre Øyrane bli nye næringsareal.

Førde-ordførar Olve Grotle (H) nytta sjansen til å leggje fram sine argument for etableringa av handelsparken på Brulandsvellene.

SJÅ VIDEO: Ordførar Olve Grotle (H) presenterte sine argument for etablering av handelsparken på Brulandsvellene. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

Spesielt handelsparken og bustadbygginga i sentrum engasjerer innbyggjarane. Under møtet vart det løfta fram frykt for dyrka mark, samt frykt for eit sentrum som vil liggje brakk.

– Då ein opna Brulandsvellene tidleg på 2000-talet, så var det vedteke at det ikkje skulle vere detaljhandel der i det heile. Det eg har sett er at det ikkje er anna enn detaljhandel. Med ein slik bakgrunn har politikarane i Førde veldig liten tillit, meinte Alvar Melvær.

Fryktar konkurransen

Olve Grotle og Alvar Melvær

DETALJHANDEL: Alvar Melvær (t.h.) undra seg over om politikarane ville vedta avgrensingar som kunne følgjast for framtida.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dei kritiske røystene frykta at avgrensingane kommunen legg opp til, i eit forsøk på å styre kva butikkar som etablerer seg på Brulandsvellene, vil skli ut. I planane ligg det også krav om at 80 prosent av potensialet må vere utnytta før ein eventuelt utvidar det.

Mellom anna Coop Obs og sportskjeda XXL er nemnde som potensielle etablerarar.

– Veit ein om noko som kan komme der, som ikkje er i konkurranse med sentrum? Det som kunne hatt stor verknad, er dersom ein fekk IKEA der oppe, la Melvær til.

Kritisk til avgrensing

Tor Erlend Mehammer presiserte at han som Ap-politikar ikkje har teke standpunkt i saka, og meiner det er ei vanskeleg sak. På møtet uttala han seg som privatperson.

Han undra om kommunen vil nekte Biltema og SparKjøp, butikkar som allereie er etablert på Brulandsvellene, å selje klede. Eller om politikarane vil vedta ei avgrensing som på sikt blir lempa på.

Astrid Melvær var mellom dei som fryktar følgjene av ein handelspark på Brulandsvellene.

SJÅ VIDEO: Astrid Melvær var mellom dei som fryktar følgjene av ein handelspark på Brulandsvellene. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

– Er det mogleg at reguleringa forsvinn og at det blir hol og frislepp? Eg trur ikkje Førde klarer noko som ingen andre klarer, sa han.

Uroa politikarar

Rådmann Ole John Østenstad kunne ikkje gje noko tydelegare svar enn at ei eventuelt lemping vil det vere opp til eit kvart sitjande kommunestyre å avgjere.

Iris Loftheim og Olve Grotle

TOK ORDET: Senterpartipolitikar Iris Loftheim (t.v.) tok ordet, sjølv om politikarane også får sin eigen dag for å lufte synspunkta dei har på sentrumsplanane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sp-politikar Iris Loftheim var mellom dei få politikarane som tok til ordet og delte skepsisen til bransjestyringa som planane legg opp til.

– Vi er nokre i bystyret og i planutvalet som er veldig uroa for det som skjer. Vi er uroa for at sentrum døyr. Det har vi sett mange andre stader. Det trur vi skjer her også, sa ho og oppmoda alle om å sende sine innspel før høyringsfristen er ute 26. januar.

Samla 5.600 underskrifter

Ester-Johanne Sande i aksjonsgruppa «La Førde sentrum leve» har stått i bresjen for ei underskriftskampanje mot sentrumsutviklinga og handelsparken som er planlagt. Denne samla over 5.600 underskrifter. I Førde bur det kring 12.800 innbyggjarar.

– Det er ikkje tvil om at dette er mange, og dette vil eg gjere bystyret kjent med. Det er veldig fint at mange engasjerer seg i både sentrumsutviklinga og handelsparken. Dette er eit innspel på same måte som dei ulike andre vi får, sa Grotle.

– Men det er mange namn som protesterer?

– Det er eit signal om kva mange meiner, ja.

Det er førebels uvisst når bystyret fattar det endelege vedtaket.

Slik vil dei organisere Førde

STRUKTUR: Slik ser kommunen føre seg at byen Førde kan strukturerast.

Foto: Illustrasjon