Hopp til innhold

Kvar du bur i landet avgjer kor raskt du får behandling for tjukktarmskreft

Nye tal syner at sjansen for å kome raskt til behandling for til dømes tjukktarmskreft er svært ulik ved dei ulike sjukehusa i Norge.

CT-undersøkelse

SKAL UNDERSØKAST RASKT: Regjeringa bestemte i 2011 at 80 prosent av alle krefttilfellene skal få behandling innan 20 dagar. Realiteten rundt i landet er mildt sagt varierande.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Komande fredag skal helsepolitikarane i Helse Førde få lagt fram tal som syner at det vesle helseføretaket i Sogn og Fjordane er blant dei beste i landet på pasientbehandling.

Men tala syner og ei anna side av norsk helsestell. Innan til dømes kreftbehandling er det store skilnader på kor raskt pasientane kjem til behandling.

Den førre regjeringa sette i 2011 ein frist på 20 dagar frå diagnose til behandling, men langt frå alle føretaka klarar å halde desse fristane.

Nord-Norge ligg sist

Til dømes får over 70 prosent av pasientane med tjukktarmskreft ved Helse Førde, Nordlandsykehuset og Helse Møre og Romsdal behandling innan 20 dagar. Medan ved til dømes Universitetssjukehuset i Nord-Norge, med hovudbase i Tromsø, får berre 30 prosent av pasientane oppfylt garantien.

Kvifor Helse Førde i Sogn og Fjordane kjem så høgt på lista skuldast fleire ulike faktorar, meiner fagsjef i helseføretaket, Hans Johan Breidablikk.

– Det er nok mange ting, men vi var mellom anna veldig tidleg ute med å tilsetje eigen kreftkoordinator når denne regelen om 20 dagar kom. Vi har greidd å oppfylle 20-dagarsregelen mykje betre enn mange andre, slår Breidablikk fast.

Hans Johan Breidablikk

POSITIV TIL MÅLINGAR: Fagsjef i Helse Førde, Hans Johan Breidablikk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tevling mellom føretaka

Dei såkalla kvalitetsindikatorane seier mykje om korleis dei ulike sjukehusa og helseføretaka i Norge jobbar, og gjev klare svar i høve alt frå korleis pasientane opplever behandlinga, til reine fakta som kor mange som får oppfylt kreftbehandlingsfristen på 20 dagar.

– Eg trur at på sikt så vil slike kvalitetsindikatorar både knytt til det pasientopplevde og til behandling ha avgjerande betydning. Vi får vel kanskje i ei tevling mellom helseføretaka der vi må vere på topp eller nær toppen om vi vil vinne i tevlinga, meiner fagsjefen i Helse Førde.

– Heilt uunngåeleg

Som samfunnsmedisinar meiner han det er heilt naudsynt at pasientane får vite i klartekst kor flinke og gode det einskilde sjukehus faktisk er i høve det statistiske grunnlaget for kvalitetsvurderingane.

– At pasientane får informasjon om kvaliteten på behandling er heilt uunngåeleg i det moderne samfunnet. Dersom om lag likt store sjukehus, med like store opptaksområde, har veldig ulike resultat av behandlinga. Så må ein gå i seg sjølv, dersom ein kjem ut dårleg, seier Breidablikk.

Tjukktarmskreft

Nordlandssykehuset

78.3

Helse Møre og Romsdal

72.9

Sykehuset Innlandet

72.9

Helse Førde

72.2

Private / Ideelle

67.3

Helse Stavanger

66.7

Sykehuset i Vestfold

62.5

Helse Fonna

57.1

Helse Nord-Trøndelag

56.3

St. Olavs Hospital

56.1

Vestre Viken

55.3

Sykehuset i Telemark

52.2

Helgelandsykehuset

50

Sørlandet sykehus

50

Akershus Universitetssykehus

48.2

Oslo Universitetssykehus

47.9

Helse Bergen

47.5

Sykehuset i Østfold

34.2

Universitetssykehuset i Nord-Norge

30

Ekspander/minimer faktaboks

Tabellen syner kor mange prosent av pasientane som startar behandling av tjukktarmskreft innan 20 dagar etter diagnosen.