Hopp til innhold

Her får du kaffi, kunst, antikvitetar og godteri

STONGFJORDEN (NRK): Ho trengde ein plass å vise fram bileta sine og opna like godt eit galleri med kafé og godteributikk.

galleri i stongfjorden

NYOPNA GALLERI: Ekteparet Johan Moen og Charlotte May Rintler har opna eit heilt nytt tilbod i det gamle Losjehuset.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Er veldig nøgd og glad. Eg har jobba masse i barar og kafear i Manchester, men no er det eg som er sjefen, seier Charlotte May Rintler.

Ho er opphavleg frå England, men har busett seg i Stongfjorden i Askvoll kommune saman med mannen, Johan Moen. No har dei to starta opp eit heilt nytt tilbod i det gamle Losjehuset der folk kan stikke innom for eit kakestykke, eit antikvitetskjøp eller ein godteribit.

Samla interessene sine

Rintler er kunstnar og glad i både godteri og antikvitetar. Derfor ville ho samle alle interessene sine på ein stad. Dessutan var det stor etterspurnad frå folk som ville sjå kunstverka hennar.

– Heime er det berre kaos, så det var meir praktisk å samle all kunsten i eit galleri enn å invitere folk heim, seier Rintler.

Galleri / Kafe stongfjorden

KAFÉ: Johan Moen og Charlotte May Rintler opna galleri, kafé, godteributikk og kino på ein og same stad.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Ho og mannen har også ei felles interesse for film og vil i tillegg opne ein liten kino i det gamle bygget.

– Det blir eit lågterskeltilbod med ein kinoklubb for både barn og vaksne som er interesserte i filmar, seier Johan Moen.

Godteributikk Stongfjorden

GODTERI: Rintler fortel at det allereie er fleire ungar som har komme innom for å kjøpe godteri av henne.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Eit bygg med historie

Det gamle Losjehuset har ei om lag hundre år gamal historie kan Moen fortelje. Frå gamalt var det arbeidarar frå aluminiumsfabrikken i Stongfjorden som hadde bygget og ifølge Moen var det damene deira som bygde huset for at dei ikkje skulle drikke for mykje i helgene. Sidan har det vore mykje aktivitet der.

– Her har det vore mykje aktivitet tidlegare og det var det store forsamlingshuset på 17. mai og andre festlege lag, seier Moen.

Bygget var eit naturleg val for dei, då dei ikkje bur lengre enn ti meter unna. Under opninga var det fullt hus og dei har allereie fått nokre stamkundar.

– Eg trur det er fint for dei som har køyrt heile vegen til Stongfjorden å kunne stikke innom her og ta seg ein kaffi, seier Charlotte May Rintler.

Antikvitetar Stongfjorden

ANTIKVITETAR: Blant tilboda du finn i Losjehuset er utsal av antikvitetar.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK