NRK Meny
Normal

Her får du eit gjensyn med PolkaLutt

God dansemusikk lokka publikum ut på dansegolvet under den aller første PolkaLutt. Her kan du sjå heile sendinga i reprise.

God dansemusikk og spennande gjester.

NYT MUSIKKEN: I den timeslange konserten får du god gammaldansmusikk.

PolkaLutt blei arrangert på den flotte utandørsscena i Parken. Der var det mogleg å både setje seg ned og nyte musikken, eller ta seg ein svingom til fengjande musikk.

Programleiar Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane hadde invitert både musikarar og andre gjester til ein timeslang konsert.

Mellom anna gjorde Honndalstausene comeback og sørga for dansbar stemning direkte både på radio og i nett-TV.

Artistane du kan sjå i videoen og biletgalleriet er:

  • Hafslobelgen
  • Helene Myklemyr/John Oddvar Kandal
  • To purke og ein gris
  • Arve Bjørn Røneid
  • Honndalstausene
  • Gaupne Syngjande Skule – eit prosjekt i regi av Arve Bjørn Røneid for 1.–4. klasse som i heile vinter har lært seg folkesongar frå Sogn.
PolkaLutt
Landsfestivalen i gammaldans
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.