NRK Meny
Normal

Her får du eit gjensyn med KlassiskLutt

Sjå klassiske perler på rekke og rad frå erfarne og nye unge klassiske talent under KlassiskLutt.

Sjå KlassiskLutt frå Gloppen Musikkfest

SJÅ VIDEO: Få eit gjensyn med KlassiskLutt frå Trivselshagen i Gloppen.

Trivselshagen på Sandane var staden for den første klassiske Luttkonserten i historia.

Programleiar Gro Ravnestad og Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane hadde invitert musikarar og publikum til ein timeslang konsert.

På scena kunne ein sjå artistar som Synnøve Nordvik, Distriktsmusikarane, Oddhild Nyberg, Maria og Ingrid Ose og Gro Marie Svidal.

Både talent og erfarne

Tidlegare har ein arrangert konsert med Kringkastingsorkestret, men då som ein blanda konsert med både klassisk og pop.

Frå Gloppen var det kulturskuleelevar, unge klassiske solistar og profesjonelle musikarar frå fylket i samspel med festivalmusikarar under KlassiskLutt.

– Vi set pris på at denne sjangeren også får plass i Lutt-prosjektet, seier festivalsjef i Gloppen Musikkfest Hanne B. Oftedal.

For tredje gong

Kvart år reiser NRK Sogn og Fjordane rundt om i fylket og lagar til Lutt-konsertar.

For tredje gong i sommar har NRK arrangert konsertar frå tre ulike festivalar i fylket. Først ut var SommarLutt frå Malakoff Rockefestival i juli, PolkaLutt frå Landsfestivalen i gammaldans i Vik og til slutt KlassiskLutt saman med Gloppen Musikkfest.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser