Hopp til innhold

Her får dei truleg Høgre-ordførar

– Dette er vi strålande nøgde med, seier ordførarkandidat for Høgre, Sven Flo i Stryn.

Valvake for Høgre i Stryn, Sven Flo (midten framme)

JUBLAR: Slik feira dei på valvaken til Høgre i Stryn. Sven Flo i midten framme vert truleg ny ordførar i kommunen.

Foto: privat

Førebelse tal viser at Høgre går fram heile 19,4 prosentpoeng i Stryn. Med 31,9 prosent av stemmene er dei dermed det største partiet i kommunen.

– Vi er overvelda over at innbyggjarane har vist oss ein slik tillit, seier Flo til NRK.no like over midnatt.

– Reknar med at vi får klubba

Arbeidarpartiet er det partiet som går mest tilbake i Stryn. Førebelse tal syner at ein oppslutnad på 17,7 prosentpoeng, ein tilbakegang på over 11 prosentpoeng. Sitjande Ap-ordførar Nils P. Støyva tek ikkje attval som ordførar og slik det ser ut no vert Flo mest truleg ny ordførar i kommunen.

– Vi skal inn i forhandlingar i løpet av morgondagen med potensielle samarbeidspartnarar. Men vi reknar med at klubba hamnar i våre, mine hender, seier Flo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sven Flo

ORDFØRAR: Sven Flo trur sjølv han vert ordførar i Stryn.

Foto: Privat

Vil fokusere meir på tilflytting

Han trur Høgre har vunne fram ved å vere tydeleg på det som er Høgrepolitikk og meiner også det har vore viktig at partiet har vore klare på at dei verkeleg vil ha ordførarvervet.

Når det no blir eit anna parti som sit ved roret i kommunen vil det bli endringar, seier Flo.

– Det er mykje som er bra i Stryn slik det er i dag, og mykje av dagens politikk vil vi nok vidareføre. Men vi kjem nok i større grad til å fokusere på tilflytting og næringsutvikling.

Fleire Høgre-kommunar

Det er ikkje berre i Stryn det truleg blir Høgre som får ordføraren dei neste fire åra. I tillegg til Stryn har Høgre gjort eit godt val i mellom anna Askvoll, Aurland, Vågsøy, Førde, Bremanger og Gaular.

Fylkesleiar i Høgre og stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel er svært nøgd med dei førebelse valresultata.

– Dette er heilt fantastisk, det er rett og slett eit eventyrleg resultat, seier Lødemel.