Hopp til innhold

Her får dei sjå igjen over 40 år gamle fotballkunstar

VÅGSØY (NRK): I ein kjellar på Raudeberg dukka det opp fotballopptak ingen hadde sett på fleire tiår. Gamle filmklipp kan ha historisk verdi, men det hastar med å få dei digitalisert, meiner lokalhistorieforeining.

Jon Georg Rutledal og Bjarne Solheim

GAMLE KUNSTAR: Over 40 år etter at Tornado møtte Sogndal på Refvik stadion, kan tidlegare Tornado-spelar Jon Georg Rutledal (t.v.) og tidlegare trenar Bjarne Solheim sjå igjen kampen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

På skjermen i Parken kulturhus dukkar plutseleg fleire fotballspelarar opp. Vi er tilbake i september 1976, kampen går mellom Tornado og Sogndal på Refvik stadion, og ute på bana kjenner enno ingen resultatet.

– Det er veldig artig å sjå igjen, eg trudde ikkje var vi så gode, ler Jon Georg Rutledal.

Ei over 40 år yngre utgåve av han spring rundt på bana. Tribunane er fulle, publikum entusiastiske.

– Vi hadde stjernestatus, Det var slikt engasjement, fortel Bjarne Solheim, tidlegare Tornado-trenar.

– Du kan skjønne at det er stas å sjå igjen.

Dukka opp i kjellar

Mellom pokalar og vimplar i eit saltekar i kjellaren dukka dei gamle kampopptaka opp. Gull, tenkte Aktiv Raudeberg og fekk opptaka digitaliserte.

– Det kan vere vi er spesielt historisk interesserte. Men vi ser utover dette med fotballen, at dette er viktig å ta vare på for lokalsamfunnet og området her, seier Ole Mathisen.

Ole Mathisen, Jon Georg Rutledal, Bjarne Solheim

HAR VERDI: Opptaka har verdi også utover fotballen, meiner Ole Mathisen (t.v) i Aktiv Raudeberg. Jon Georg Rutledal, Bjarne Solheim og Roald Refvik (ikkje på biletet) er også involverte i fotballarrangementet der filmane skal visast fram.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Jobben med å få opptaka over i moderne tid, var det Steinar Hilde som stod for. I ein gammal låve i Innvik digitaliserer han «alt» av gamle opptak.

– Interessa er stor etter at dette blei mogleg, og etter at ein fekk datamaskiner som er kraftige nok, fortel han.

Fotballkampar, festar, ein vanleg kvardag. Mange har slike gamle filmopptak liggjande, utan å tenkje at dei kan ha verdi for andre

– Alle opptak kan ha historisk verdi. Sentrum, gamle butikkar, gamle bilar, kan dukke opp midt i dei private filmane, seier Hilde.

– Det er framleis tid til å drive bergingsaksjon, men la ikkje tida renne frå ein fordi om. Det er heilt avgjerande å gjere dette fortast mogleg.

Hastesak

Han får støtte frå Mikal Heldal. Han er leiar i Landslaget for lokalhistorie, som organiserer 370 lokallag over heile landet.

– Problemet er at det har ein kvalitet og ei teknologi som blir forringa frå år til år. Så det er ei hastesak for oss i Landslaget for lokalhistorie og lokalhistoriebevegelsen.

Blant privatpersonar kan mange også vere for kritiske til kva som kan ha historisk verdi, trur han. Bevisstgjering er viktig.

– Mange av opptaka viser daglegliv, til dømes knytt til jordbruk, fiske. Så er det dette med personar, klesdrakter. Det er mykje som er viktig å få med inn i framtida.

Gjer inntrykk

Men så skal ein heller ikkje sjå vekk frå den reint private verdien, heller. Når kundar får sjå opptaka igjen etter lang tid, er det ikkje fritt for at kjenslene melder seg, fortel Hilde.

– Eg har hatt godt vaksne, store fæle mannfolk ståande på golvet og bli smårørte og nesten på gråten av det dei ser.

Han rår private, bygdelag og bedrifter til å samle saman opptak som kan vere av interesse.

– Dei kan ein setje saman til ferdig film. Så kan ein samlast, drikke kaffi, sjå på dette og prate. Det er ordentlege saker, ler han.

Vil vekke begeistring

Nettopp slike planar har Ole Mathisen og dei andre på Raudeberg. På ein fotballkveld i regi av Parken kulturhus og Tornado Måløy skal filmane visast fram.

– Vi håpar dei som kjem, både tidlegare spelarar og publikum får gjenoppleve dette blant anna gjennom desse filmane, seier Mathisen.

På skjermen er det framleis trøkk mellom Tornado og Sogndal.

– Vi tapte 3-1, men det var ikkje noko skam det den dagen, for dette var jo finalelaget i cupen. Dette er faktisk den siste obligatoriske kampen mellom to lag frå Sogn og Fjordane før Sogndal spelte mot Florø i OBOS-ligaen i fjor, fortel Rutledal.

Tornado anno 1976 speler godt, meiner han. Og han sjølv?

– Så langt bra, smiler han.