NRK Meny

Her får dei prisvinnande mat

SOLUND (NRK): Bebuarane på Solundheimen lir inga naud på matfronten. Gamleheimen er kåra til fylkesvinnar i konkurransen Gylne måltidsøyeblikk.

Middag på Solundheimen

FORNØGDE: Kjøtkakemiddag slo an blant dei eldre på Solundheimen.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

– Det er ei glede å gå til matbordet her, seier Gudrun Ingvaldsen, etter å ha teke ein bit av dagens kjøtkakemiddag.

Saman med resten av bebuarane på aldersheimen i Solund blir ho kvar dag servert den beste eldreomsorgsmaten i Sogn og Fjordane.

I vår arrangerte Landbruks- og matdepartementet, med statsråd Sylvi Listhaug i spissen, konkurransen Gylne måltidsøyeblikk, der dei inviterte alle landets sjukeheimar og institusjonar til å setje fokus på matglede for eldre. Solundheimen blei fylkesvinnar.

– Her er det god middag støtt. Vi er eigentleg ganske bortskjemde. Eg trur ikkje ein kan få det betre, seier Håkon Tungodden.

Også bebuar Margrete Ravnøy er full av lovord.

– Maten her er verkeleg verd ein pris. Her har vi det så godt som vi kan ha det, seier ho.

Les også: Slik samlast dei eldre kvar veke

Rune Indrøy og Evy Skogen

GJER SEG FLID: Kjøkensjef Rune Indrøy og avdelingssjukepleiar Evy Skogen er veldig fornøgde med utmerkinga.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Laga frå botnen

Kjøkensjef Rune Indrøy er stolt og audmjuk etter den store utmerkinga. Han meiner at nøkkelen ligg i å ha eit eige kjøken med dedikerte kokkar.

– Maten er laga frå botnen her kvar dag, og vi tek oss tid til å gjere det vesle ekstra, seier han.

På menyen står det både tradisjonelle og moderne matrettar.

– Tradisjonsmat og skikkeleg husmannskost er viktig, men av og til slår vi til med litt nyare rettar. Vi har inntrykk av at bebuarane likar å prøve litt nye ting, seier han.

Ein av grunnene til at nettopp Solundheimen vann konkurransen, var at dei serverer maten på fat.

– Uansett kva vi lagar er det rett frå grytene og lagt på fat. Det har mykje å seie at maten blir servert som ein klassisk middag heime rundt bordet. Alle skal få forsyne seg slik dei vil, framfor å få ein ferdig porsjon, seier kjøkensjefen.

Les også: Vil sentralisere matlaginga

Inger Pollen

NOKO ATTÅT: Kokk Inger Pollen har baka eplekake til dagens kaffi.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Vidare til landsfinale

Avdelingssjukepleiar Evy Skogen er den som har stått bak konkurransebidraga frå Solundheimen. Ho hadde trua heile vegen.

– Vi fekk ein epost frå dåverande ordførar i Solund om at vi bør delta i konkurransen, sidan vi har eit så flott kjøken og gode matvanar, seier ho.

– Og så vann de rett og slett heile greia?

– Jammen gjorde vi det! Og no skal vi vidare til landsfinalen, så det blir spennande.

2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar
Stortingsvedtak om vestlandsregionen