NRK Meny
Normal

Her får dei oppleve den store verda

Etter ei lang reise over dammen er kjendissyskena frå Kleiva på plass i storbyen New York i USA. Snart går turen vidare til Minnesota.

Søsken til evig tid i USA

LANGT HEIMANFRÅ: For første gong gjekk ferieturen til ein annan stad enn stølen for Magnar og Oddny. Her studerer dei utsikta frå hotellet deira.

Foto: Frode Fimland

Syskena Magnar og Oddny Kleiva frå Kleiva i Naustdal vart landskjende då filmen «Søsken til evig tid» kom ut. No blir det ny film om syskenparet sin tur til USA og Minnesota der dei skal besøke slekta som besøkte dei i Naustdal i den første filmen.

Opne og interesserte

Turen gjekk først til New York, der syskena framleis er måndag. Med dei på turen er filmregissør Frode Fimland, som også regisserer den komande oppfølgaren. I tillegg følgjer 30.000 menneske med dei via Facebook-sida «Søsken til evig tid». Der vert det nemleg lagd ut små drypp frå turen over dammen.

søsken til evig tid i USA

LANG REISE: Flyturen til New York tok mellom seks og sju timar, men syskenparet var godt nøgde med både setene og oppvartinga.

Foto: Frode Fimland

– Reisa var lang, men seta på flyet var gode og vi har fått god service heile vegen. Så det har gått heilt fint med Magnar og Oddny. Dei er utruleg opne og interesserte, og utan tvil i USA for å oppleve noko heilt utanom det vanlege. Ei oppleving som dei aldri har trudd dei skulle få oppleve, fortel Fimland.

Flyturen vart ekstra behageleg då dei vart godt oppvarta av flyvertar og flyvertinner.

Opplever storbyen med glimt i auget

Søsken til evig tid i USA

HØGT OPPE: – Vi er jo nesten like høgt oppe som fjella i Naustdal, seier Magnar Kleiva om utsikta frå hotellrommet.

Foto: Frode Fimland

På plass i New York har blitt innkvartert på eit hotell på Manhattan med god utsikt over den verdskjende parken Central Park.

– Det er eit mektig inntrykk som møter dei på hotelltaket. Magnar sin umiddelbare kommentar er at «her hjelper det ikkje akkurat med nokon stige» og Oddny humrar med, så det seier meg at dei ikkje berre tek innover seg storbyen, men dei gjer det med glimt i auget, seier filmregissøren.

Då første film om syskenparet kom ut var ventetida lang for dei som venta spent, men oppfølgaren kan komme raskare.

– Det kjem ikkje til å ta like lang tid denne gongen. Filmen kan kome allereie før jul, fortel han.

Søsken til evig tid i USA

I SJØMANNSKYRKJA: Eit besøk på Sjømannskyrkja er nærast obligatorisk for nordmenn i New York. Også Magnar og Oddny tykte det var kjekt å treffe andre nordmenn.

Foto: Frode Fimland

PÅ FERIE: Syskena Oddny og Magnar Kleiva plar feriere på stølen, men denne gongen skal dei ut å fly for fyrste gong. (FOTO: Heidi Lise Bakke)

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.