Hopp til innhold

Her får dei den tunge beskjeden - no har dei tre dagar på seg

FØRDE (NRK): Rebecca Øen og dei andre jentene på russebilen «Amnesia» håpte i det lengste at den 20 år gamle Caravellen skulle klare seg gjennom kontrollen. Det gjekk berre nesten.

Ferdig på kontroll

TUNG BESKJED: Jentene på 'Amnesia' har fått den tunge beskjeden om at bilen må utbetrast før den kan godkjennast.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

– Vi var litt usikre på spegelen, men vi trudde at bilen kom til å bli godkjend, seier Rebecca Øen, som er ei av dei åtte jentene på russebilen «Amnesia».

Inspektørane hjå Statens vegvesen tilbaud i dag tryggleikssjekk på alle russebilar, for å luke ut både bilar som ikkje bør vere i trafikken, og feil som lett kan få fatale følgjer dersom dei ikkje vert utbetra.

Må fikse bakbremsene

Jentene i «Amnesia» fekk klar beskjed frå inspektør Arild Bruflat om kva som måtte utbetrast.

– Bilen er generelt i god stand, men her er nokre feil som må utbetrast for at den skal kunne godkjennast. Mellom anna er eitt av speglane fastlåst og førarsetet let seg ikkje justere. Det mest alvorlege er likevel at bakbremsene ikkje er gode nok, seier Bruflot.

Russejentene var sjølvsagt skuffa over at bilen ikkje har blitt godkjend, men håpar dei kan få utbetra feila før fristen går ut om tre dagar.

– No må vi berre hive oss rundt og få dette fiksa, for vi må få bilen godkjent, seier Øen.

Inspektørane til Vegvesenet går nøye til verks når russebilane vert trilla inn i verkstadhallen.

– Det er mange ting vi ser etter, men vi er spesielt opptekne av at eventuelle modifikasjonar er skikkeleg utført. I tillegg er vi veldig nøye på bremser, seier Arild Bruflot.

sjekk av russebil

SER GODT ETTER: Arild Bruflat leitar med lys og lykt etter feil og manglar på 'Amnesia'.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Lokkar med grilling og premie for sikraste bil

Alle russebilane som vert kontrollerte er med i konkurransen om å bli «Sunnfjord sin mest trafikksikre russebil». Hovudmålet med arrangementet er å få kontrollert alle russebilane i Sunnfjord, slik at russebilane som no skal ut på vegen, er trafikksikre.

– I tillegg til kontroll av russebil, lagar vi eit sosialt arrangement med grilling og trafikktryggingsaktivitetar som testing av promillebriller, VeltePetter og andre aktivitetar, seier Bruflot.

Spente før sjekk

ILDÅP: Jentene på 'Amnesia' var spente før bilen skulle inn til sjekk: Oppe f.v. Amalie Ness, Guro Flekke, Elid Haaland, Nina Amundsen, Sofie Stensæth og Rebecca Øen. Nede f.v. Frida Haugsbakk og Oda Astein Nedrebø.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Betre enn sitt rykte

If skadeforsikring var lenge det einaste forsikringsselskapet som hadde eigne forsikringsordningar for russebilar. Dei ser ein klar tendens:

– Det blir stadig færre ulykker der russ er involvert. Sidan vi byrja med denne ordninga har talet på saker gått frå rundt 150 i året på 2000-talet, til rundt 125 dei siste åra, seier informasjonsdirektør i If skadeforsikring, Jon Berge.

Og spesielt fjoråret var eit godt år.

– Då hadde vi berre 106 saker, so vårt inntrykk er at russen blir stadig tryggare trafikantar. Vi meiner russen er betre enn sitt rykte, seier Berge.