Hopp til innhold

Først fekk 16-åringane nei - no får dei likevel røyste

Eid blir den andre kommunen i fylket som blir med i ordninga med røysterett for 16- og 17-åringar. Frå før er Luster med i prøveprosjektet.

Røysterett for 16 og 17-åringar

16- OG 17-ÅRINGAR SKAL FÅ RØYSTE VED KOMMUNEVALET I EID: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) og leiar i Eid ungdomsråd, Elise Solvåg.

Foto: Eid kommune

– Det synest eg er ei veldig flott moglegheit for kommunen, og eg håpar at det vil auke det politiske engasjementet blant dei unge. Det seier Elise Solvåg, som er leiar for ungdomsrådet i Eid.

Det er Kommunaldepartementet som har bestemt at Eid likevel får vere med blant dei 20 kommunane som får prøve ut røysterett for 16 og 17-åringar i kommunevalet 2015. Men etter at Gol kommune trekte seg, slapp altså Eid gjennom nålauge.

– Dette er ein kjekk nyheit å få, og den kom uventa sidan vi opphavlege hadde fått beskjed frå departementet om at vi ikkje fekk vere med. Så at vi no kom med på overtid var ei utruleg hyggeleg overrasking, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Prøver for andre gong

Ved kommunevalet i 2011 vart det for første gong gjort forsøk med røysterett for 16- og 17 åringar. Som einaste kommune i fylket var Luster ein av 20 kommunar landet som var med i prøveprosjektet.

Trass dystre spådommar, tenåringane strøymde til valurnene og i Luster var det over 80 prosent av ungdomane som brukte røysteretten sin.

Erfaringane var så gode at Luster søkte om og fekk vere med ein gong til.

Erfaringane frå Luster er også noko Bjørlo har sett til når Eid søkte om å få vere med.

– Luster er ein kommune som har fått dette veldig godt til, og skal prøve å lære av det Luster som og skal vere med i 2015.

Aktivt ungdomsråd

Bjørlo peikar på at dei både har eit aktivt ungdomspolitisk miljø og eit svært aktiv ungdomsråd.

– Dei var pådrivarar for at vi i det heile tatt skulle søke. Eg trur det er viktig at ungdommane får vere med på å ta avgjerder i samfunnet. 16-åringar har plikter og ansvar på mange området, og då synest eg det er heilt rett at dei og får vere med å bestemme over utviklinga i lokalsamfunnet sitt.

Elise Solvåg

SKAL RØYSTE: Elise Solvåg er leiar for ungdomsrådet i Eid.

Foto: Eid kommune

I ungdomspolitisk råd er ikkje Solvåg eit øyblikk i tvil om at 16 åringar er modne nok til å vere med på å avgjere kven som skal bestemme i kommunen.

– For dei unge som er interesserte så er det fint å kunne få bruke stemma si, og på ei anna side så er det mange vaksne som ikkje har sett så nøye inn i politikken og røystar litt på slump.

Ho trur det er mange unge i Eid som kjem til å nytte seg av moglegheita til å vere med å røyste.

– Vi har jo folk i ungdomsrådet som går på ungdomsskulen og folk i andre lokallag her som og er under 18 som kunne tenkt seg å få brukte røysteretten.