Det har strøymt på med flotte motiv frå heile Sogn og Fjordane, både på epost og Instagram merka med #nrksf. Mange har formidla påskestemninga, anten dei har vore heime, ved sjøen eller på fjellet.
Journalistane Geir Bjarte Hjetland og Brit Jorunn Svanes har sett på alle bileta og plukka ut tre heldige som får premie i posten.
Hovudpremien er ein DAB-radio og går altså til Astrid E. Berteig Svår i Hornindal. Juryen meiner ho har klart å skildre turen og utfordringane, ikkje berre målet for turen.
«Den vesle ungen, og resten av familien, som strevar seg opp bakken er originalt og fortel meir enn tusen ord. Dette er utan tvil vinnaren av påskebiletetevlinga!»
I tillegg til vinnaren, har vi plukka ut to andre bilete som også blir premierte. Cathrine Liss Hoddevik har formidla glede og energi frå Hoddevika og Aina Sofie Bakke har fanga flott lys på fjellet. Premie kjem i posten!
«Påskeglede er så mangt, og det er slett ikkje berre fjell og appelsin. Bildet av dei glade menneska ved kysten på Stadlandet, klar for nye eventyr fortener ei overrasking frå oss», skriv juryen.
«Å ta bilde mot sola er vanskeleg, og oftast umogleg. Men her har fotografen retta fokus både mot sola, og mot dei som går mot lysare tider!»
Her kan du sjå alle påskebileta vi fekk inn:
Bilete merka med #nrks på Instagram: