Hopp til innhold

Statsbudsjettet: Her er vinnar- og taparkommunane

Mange kommunar vil få det økonomisk tøft i året som kjem. Låg folketalsvekst gjer at kommunane i Sogn og Fjordane ikkje er blant vinnarane i forslaget til statsbudsjett.

Dalesundet bru i Solund

DALESUNDET BRU I SOLUND: Solund er ein av mange kommunar som får det tøft, seier Kåre Træen hjå fylkesmannen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kor mykje kvar kommune får i pengar frå staten er avhengig av folketalet og alderssamansetjinga, seier seniorrådgjevar Kåre Træen hjå fylkesmannen.

– Kommunane i Sogn og Fjordane ligg an til å få ein samla vekst på 4,3 prosent i dei frie inntektene, medan landsveksten er 4,8, seier Træen

– Vi ligg noko under landsveksten. Det er berre to fylke som ligg lågare. Årsaka til det er lågare folketalsvekst enn i resten av landet, seier han.

Frå før er det kjent at regjeringa gir veksttilskot på 400 millionar kroner til 68 kommunar som opplever sterk folkevekst, for å sette dei i stand til å tilby nok skule- og barnehageplassar. Sogndal den einaste kommunen her i fylket, og får 2,1 millionar kroner.

Tøft for Solund og Hyllestad

Kommunane som har fått størst vekst i dei frie inntektene er Sogndal og Aurland med høvesvis 6,4 prosent vekst og 6,0 prosent.

I andre enden kjem Solund med 2,5 prosent og Hyllestad med 2,8 prosent.

Dette er nominelle tal. Det vil seie at løns- og prisveksten på 3 prosent ikkje er med.

– Realveksten blir lågare. Det vil seie at Solund og Hyllestad får ei negativ realvekst.

Blir tøft for mange kommunar

Det blir tøft for Solund og Hyllestad, meiner Træen.

– Dei kommunane som har ein realnedgang, som har ein lågare vekst enn løns- og prisveksten, har kome vanskelegast ut.

Også for kommunar som ligg under fylkessnittet blir det tøft.

– For dei kommunane som har lågast vekst blir det heilt klart utfordringar. Dei som ligg under løns- og prisveksten, og for så vidt også dei som ligg under fylkessnittet på 4,3 prosent, har utfordringar. Heilt klart, seier Træen.

Her er resultatet for alle kommunane

Tabellen syner den nominelle veksten i prosent i dei frie inntektene i forslaget til statsbudsjett.

  • Solund: 2,5
  • Hyllestad: 2,8
  • Hornindal: 2,9
  • Gulen: 3
  • Balestrand: 3,2
  • Lærdal 3,2
  • Selje: 3,2
  • Askvoll: 3,3
  • Gloppen: 3,3
  • Høyanger: 3,4
  • Flora: 3,8
  • Vik: 3,9
  • Årdal: 3,9
  • Eid: 3,9
  • Luster 4
  • Bremanger 4,1
  • Fjaler: 4,2
  • Jølster: 4,4
  • Gaular: 4,7
  • Leikanger: 5
  • Førde: 5,1
  • Naustdal: 5,1
  • Vågsøy: 5,1
  • Stryn: 5,7
  • Aurland: 6
  • Sogndal 6,4