Hopp til innhold

Her er vêret så dårleg at dei ikkje opnar att i dag

Dårleg vêr ved inngangen til helga har ført til vanskelege køyreforhold på fleire av fjellovergangane i Sør-Norge.

Vikafjellet ved Hestavollen fredag 09. februar

HER OPNAR DEI IKKJE: Riksveg 13 over Vikafjellet blir ikkje opna att før tidlegast laurdag på grunn av uvêr.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Vêret har stilna utover ettermiddagen og kvelden. Men på riksveg 13 over Vikafjellet mellom Sogn og Fjordane og Hordaland er meldingane så dårlege at vegen ikkje opnar att i dag.

Det er uvêr i kombinasjon med overgangen frå kalde vinterdagar til plussgrader som byr på utfordringar både i fjellet og på vegane i låglandet. I går sende Meteorologisk institutt ut eit OBS-varsel om særs vanskelege køyreforhold i store delar av Sør-Norge.

Tidleg fredag ettermiddag sette styggevêret sitt preg på fleire av fjellovergangane i Sør-Norge, men utover ettermiddagen og tidleg kveld har situasjonen stadig betra seg.

Klokka 22.45 er statusen på fjellovergangane slik:

  • E6 Dovrefjell – Isdekke.
  • E16 Filefjell – Snø- og isdekke.
  • E134 Haukelifjell – Snø- og isdekke, redusert sikt enkelte stader. Opna for vanleg trafikk klokka 17. Her var det fredag ettermiddag kolonnekøyring.
  • Riksveg 7 Hardangervidda – Snø- og isdekke, redusert sikt enkelte stader. Opna for vanleg trafikk klokka 1815, etter at det var kolonnekøyring her tidlegare.
  • Riksveg 13 Vikafjellet – Stengt på grunn av uvêr. Blir ikkje opna att før tidlegast laurdag
  • Riksveg 15 Strynefjellet – Vekslande snø- og isdekke, fare for glatte parti. Fare for elg
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – Snø- og isdekke. Opna for vanleg trafikk klokka 19.45 etter at det var kolonnekøyring tidlegare
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – Snø- og isdekke- Opna att 16.15 etter kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Fylkesveg 53 Årdal-Tyin – Snø- og isdekke

Det ser ut til at vêret har stilna litt utover dagen og kvelden. Trafikkoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal sa i ettermiddag at han hadde fått fleire meldingar om at vêret hadde betra seg.

– Forholda er blitt litt betre no. Hol-Aurland opna nettopp. Også på riksveg 52 Hemsedalsfjellet har vêret betra seg. Brøytemannskapet der held no på å breidde ut vegen, så dei håpar at dei etter kvart kan opne fjellovergangen for vanleg trafikk, sa han til NRK klokka 1615.

Like før klokka 20 melde Statens vegvesen at dei hadde opna den mykje brukte aust-vestovergangen over Hemsedalsfjellet for fri ferdsel. Samtidig snødde det kraftig på fjellovergangen, og det vart varsla at det kunne bli innført kolonnekøyring igjen på kort varsel. Dette har ikkje blitt nødvendig.

Hovudvegen inn til Årdal blir stengd frå klokka 17 i ettermiddag, på grunn av rasfare ved Finnsåstunnelen. Fjellovergangen mellom Årdal og Tyin blir då einaste veg ut av kommunen. Med utgangspunkt i tilbakemeldingane frå dei andre fjellovergangane om at vêret er i ferd med å betre seg, trur ikkje Erikstad at det vil bli nemneverdige problem på fjellovergangen mellom Årdal-Tyin utover kvelden.