Her er verdas første «laksomat»

Kva med å plukke med seg ein laksefilet på T-banestasjonen? I Singapore kan fiskesvoltne kundar forsyne seg rett frå ein fiske-minibank, takka vere far og son frå Måløy.

Tore og Morten Lyng med verdas første laksomat

STOR INTERESSE: Tore Lyng og sonen Morten Lyng fekk svært god respons då dei lanserte lakseautomatane i Singapore.

Foto: Privat

– Det er enkelt, du brukar berre kortet og så kjem laksebitane ut, forklarar Tore Lyng.

Han er nettopp heime att frå verdslanseringa av lakseautomatane i Singapore. Der står det no 14 lakseautomatar plassert på undergrunnsbanar, busstasjonar og bensinstasjonar. Og fleire skal det bli.

Til sommaren håpar dei å ha kring 100 automatar ute. Byar i både Thailand og Kina har allereie meld si interesse.

– Responsen er heilt fantastisk. Det er så viktig for folk å få handle maten sin på automat der, det er verkeleg ein stor greie, seier Lyng.

Verdas første laksomat

VERDAS FYRSTE: Spesialistar frå Malaysia har bygd automatane. Mykje anna mat seljes frå automatar der, men dette er fyrste gongen ein får kjøpt fisk.

Foto: Privat

Tatt på senga

Det var iLaks som først omtalte lakseautomaten, som er verdas første av sitt slag. Men det vil ikkje Tore Lyng ta æra for. Han og sonen Morten har hatt med seg indiske Manish Kumar på laget.

– Han har jobba i fiskeindustrien lenge, og det var han som kom på ideen. Eg har ikkje tenkt så mykje på at det er verdas første lakseautomat, men ein blir jo tatt litt på senga når ein ser responsen.

Det tok ikkje lang tid før dei største avisene i Singapore ringde og ville ha intervju, og dei første automatane er allereie hyppig besøkte.

– Folk hadde ikkje prøvd å kjøpe fisk på automat før, så dei vart litt forundra, men det så ut som dei likte det, fortel han.

Sjømatrådet: – Sprekt

Fiskeriutsending frå Noregs sjømatråd i Singapore, Jon Erik Stenslid, er spent på om norsk laks i eit slikt format vil slå godt an.

– Norsk laks har ein sterk posisjon i Singapore – det er det mest foretrukne lakseproduktet som blir selt på supermarknaden der, så grunnlaget er der.

Stenslid rosar måløyværingane:

– Dette er ei veldig sprek, spennande og uvanleg satsing. Det er jo ein verdssensasjon, seier han.

Satsar på Austen

Frå før driv far og son Lyng «Norwegian Salmon House» i Singapore, som er ein rein fiskebutikk. Automatane er berre eit supplement, men det var enkelt å teste dei der dei allereie var etablert.

– Austen er eit satsingsområde. I fiskeribransjen ser ein at det er mange uopna dører der, og dei likar god sjømat. Dessutan er det masse folk der.

Målet er å gje folket i Malaysia kvalitetsfisk til ein billegare penge enn i butikkane, og etter kvart også andre land.

– Det er enorme moglegheiter og fleire land å prøve seg på. Viss ein skal nå dei må ein gjere det på denne måten. Men når eg kom heim at etter ei sånn lansering, vart eg glad for at eg har ein fiskebutikk i Måløy også, seier Tore.

Morten og Tore Lyng og Manish Kumar med verdas første laksomat

Til sommaren satsar dei på å ha 100 lakseautomatar ute. – Såpass mange må det vere for å dekke behovet, seier Tore Lyng. Her i lag med sonen Morten Lyng og Manish Kumar.

Foto: Privat