NRK Meny
Normal

Her er ventetida kraftig redusert

Ventetida i Helse Førde er den kortaste i Helse Vest. I løpet av det siste året har den gjennomsnittlege ventetida for behandling blitt redusert med heile 21 dagar.

Førde sentralsjukehus 17

BETRE PLANLEGGING: Pasientar som ventar på behandling i Helse Førde kjem raskare til i dag enn på same tid i fjor.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi er blitt langt betre på planlegging enn vi var tidlegare. Det gjer at vi får utnytta ressursane våre meir effektivt, fortel IKT-sjef i Helse Førde, Frode Schanke.

Gjennom det regionale prosjektet «alle møter» har dei hatt fokus på å få ned ventetida.

I slutten av februar i fjor var ventetida på 69 dagar, i år var den nede i 48 dagar på same tidspunkt. Den gjennomsnittlege ventetida i Helse Vest er på 62 dagar.

– Dette gjer jo at pasientane kjem raskare til behandling og får raskare hjelp. Det gir meir fornøgde pasientar og tilsette, seier han.

Færre ventar på behandling

– I 2014 var vi oppe i ei ventetid på over 70 dagar, og det var for dårleg, seier Schanke.

No har helseføretaket i løpet av eitt år fått mykje kortare ventetid og den kortaste i regionen.

I tillegg har talet pasientar som ventar på å få behandling i Helse Førde også vorte sterkt redusert i denne perioden. I fjor venta 6700 pasientar, no er talet nede i 4630 pasientar.

– Å bruke ressursane på riktig måte og vere effektiv i måten ein arbeider på og planlegg på, har stor betydning. Systemet for å fylle timebøkene er blitt betre og det er litt færre tilvisingar, seier Schanke.

Vil korte ventetida enda meir

Pasientar har også blitt flinkare til å møte til timane, mykje på grunn av at dei får påminning om at dei har time.

– Viss ein ikkje får utnytta dei ressursane som står klar til å ta imot ein pasient, så er det bortkasta tid. Så når pasientane møter til timane får vi utnytta tida meir effektivt, forklarar Schanke.

– Har ein mål om å korte ventetida enda meir?

– Vi har eit ønskje om å halde fram med det. Innan enkelte avdelingar vil vi nok kunne oppnå enda lågare ventetid. Gjennomsnittet vårt ligg på 48 dagar, men vi har avdelingar som har 65 dagar, og dei bør kunne gå ytterlegare ned, fortel Schanke.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå