Hopp til innhold

Her er våre beste fotballminne

Med berre nokre dagar igjen til fotball-VM opnar i Sør-Afrika sit folk i Sogn og Fjordane med ulike minner frå fotballbana. Og nokre gler seg storleg til meisterskapen er ferdig...

Tore Andre Flo scorer mot Barsil i VM 1998

GODT MINNE: Tore André Flo scorar mot Brasil i fotball-VM 1998.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Mitt største fotballminne kjem om ein månad - då VM er slutt, skriv Mona frå Gaupne i ein SMS til NRK Sogn og Fjordane.

Fredag er det klart for opningskamp i fotball-VM mellom Sør-Afrika og Mexico.

Gløymer aldri triumfen i Oslo

NRK Sogn og Fjordane ba onsdag morgon lyttarane sende inn sine beste fotballminne, og reaksjonane let ikkje vente på seg.

For med verdas største idrettsfest på trappene, kjem også minnene frå tidlegare kampar:

- Eg såg Norge vinne mot Brasil live i VM i Frankrike. Men likevel er det ingenting som overgår opplevinga då eg var bussjåfør for Saftkokaradn til Oslo, då Sogndal rykte opp i Tippeligaen og sende Vålerenga ned i år 2000. Ein busstur heim eg aldri gløymer, skriv Jonny Gjerde frå Skjolden.

Målrikt i lokaloppgjer i Sogn

Det er mange som har gode minner om kvelden då Norge slo Brasil i fotball-VM i 1998. Den gongen var Tore André Flo svært så sentral, og det kan ha vore medverkande til at særleg folk i Sogn og Fjordane har positive kjensler for kampen.

Men det er også mange andre minner...

- CL-finalen i 1999 med Solskjær si scoring på overtid og Norge-Brasil i VM 1998, skriv Stillaug Mundal frå Fjærland.

- 6. juni 2006 var det kamp i 6. divisjon på Strondi, mellom Veitastrond og Aurland - resultatet vart 6-6, mimrar Inga Reidun Sjøthun.

Fall pladask for Leeds i 1975

Nokre har minner om lokalfotballen, medan andre trekkjer fram kjære augneblink frå engelsk fotball på 1970-talet.

- Året var 1975 og det var tippekamp. Eit lag med krittkvite drakter sprang ut på ei gjørmete bane og spelte strålande fotball. Siden har eg elska Leeds United. Gler meg stort til VM, skriv Ronny Nymark Johannessen.

- Då Sogndal spelte 3- 3 mot Rosenborg på Fosshaugane i 2002 med Aabrekk som trenar, skriv Per Tore Molland frå Indre Hafslo.