NRK Meny
Normal

Her er tunnelen som kan gi trygg riksveg 5

Dette er skissene som kan skåne trafikantane for meir steinras mellom Naustdal og Førde. – Interessant, seier Førde-ordførar Olve Grotle (H).

Skisser for tunnel mellom Førde og Naustdal

SKISSER: To tunnelar mellom Førde og Naustdalstunnelen vil ta vekk fleire raspunkt på riksveg 5. Den eine tunnelen er tenkt frå Førde til Erdal, den andre frå Erdal og nesten til Naustdalstunnelen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Statens vegvesen har på eige initiativ skissert opp ei tunnelløysing for sikring av rasutsette riksveg 5 mellom Førde og Florø.

Den inneber å leggje heile Naustdalsstranda i tunnel. I førre veke øydela ei stor steinblokk delar av vegbana . Berre flaks gjorde at ikkje bilistar vart trefte .

Svenn Egil Finden

DIREKTØR: Svenn Egil Finden seier det må politiske prioriteringar og vedtak til før skissene kan bli løfta frå planstadiet.

Foto: Statens vegvesen

– Det er ei kostbar løysing, som ikkje er greidd ut på detaljplan. Den kjem truleg på mellom ein og to milliardar kroner, og er difor ikkje framme i dag i høve til rassikring, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden hos Statens vegvesen.

Vil vite meir

I første omgang ser Statens vegvesen på å sikre enkeltpunkt, men dei ventar også på ein meir einskapleg rapport for rassituasjonen på vegstrekkja. Samstundes ligg altså planane om ein tunnel i skuffen.

Ras på riksveg fem mellom Førde og Naustdal

STOR: Berre flaks gjorde at den store steinblokka ikkje tok liv i førre veke.

Foto: Alf Vidar Snæland

Ordførar i Førde, Olve Grotle (H), var ikkje kjend med tunnelplanane då NRK tok kontakt. Han ynskjer å vite meir om planane.

Olve Grotle

ORDFØRAR: Olve Grotle (H) i Førde vil møte ordførarane i Naustdal og Florø for å diskutere det vidare arbeidet for ein rassikker riksveg 5 mellom byane Førde og Florø.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Dette er spennande og interessant. Eg er ikkje kjend med dei konkrete tiltaka i det heile, men er oppteken av ein trygg og sikker veg, seier han.

Fire omkom i 1982

Ordførarane i Førde, Naustdal og Florø vil no samle kreftene for å få sikra vegen. Skissene til Statens vegvesen fell i god jord i Naustdal.

Om kort tid vil kommunen møte Statens vegvesen for å drøfte situasjonen.

– Dette reknar eg som ei veldig god løysing. Når noko først skal gjerast, så må det gjerast skikkeleg. Då er det tunnel, seier ordførar Håkon Myrvang (Ap).

Mange fryktar at liv skal gå tapt før det kjem tunnel. I 1982 omkom fire personar då rockegruppa New Jordal Swingers vart treft av steinras.

– Vi er nøydde til å få gjort noko med dette. Det går stadig vekk ras og det er ikkje berre ein risiko for at det kan skje skade og menneskeliv kan gå tapt. Dette er viktig for heile regionen. Det er ei svært trafikkert og viktig strekkje, seier Grotle.

1,6 hendingar i månaden

Ifølgje Firda har det sidan 1980 gått 86 ras på strekkja. 19 av desse i løpet av dei to siste åra. Statens vegvesen registrerer i snitt 1,6 hendingar kvar månad på vegen.

– Det kan vere stein, fare for ras eller is som har kome ned. Det siste året har vi hatt nokre stengingar, seier Finden. Og stengd veg gir lang omkøyringsveg.

Realisering av ein tunnel vil vere ein lang veg fram. Til sjuande og sist er det stortingspolitikarane som fattar eit eventuelt vedtak.

– Det er snakk om politiske prioriteringar, seier Finden.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.