Hopp til innhold

Her er støypekanten lågare enn ei brusflaske

Morten Dale frå Vik meiner dei verste støypekantane i heimkommunen er meir eit hopp enn sikring for bilar.

Støypekant i Vik

STUSSLEG SYN: Brusflaska er om lag 23 centimeter høg, men ruvar likevel ein kork eller to over støypekanten.

Foto: NRK.no-tipsar / NRK

Krava til nye rekkverk er at dei skal vere 90 centimeter høge. På strekninga mellom Arnafjord og Vik, der Morten Dale køyrer dagleg, er støypekantane 17 centimeter på det lågaste.

– Det er ikkje mykje for eit bilhjul i som kjem i 60 kilometer eller meir, seier han.

– Ein grunn til at dei set opp rekkverk

I førre veke omkom eit ungt kjærastepar etter å ha køyrt utfor vegen og hamna i fjorden i Selje. Vegvesenet meiner moderne rekkverk kunne ha stoppa ulukkesbilen. Sogn og Fjordane har om lag 85 kilometer veg med rekkverk som er under ein halv meter høg.

– Det er skremmande, aldeles. Det verkar ikkje som persontryggleik blir teken på alvor, seier Dale.

For om lag eit år sidan ringde han vegvesenet for å opplyse om dei låge støypekantane i heimkommunen. Svaret var at det er opp til bilistane å tilpasse farten etter forholda. Ny støypekant hadde ikkje prioritet hos dei. Det svaret er ikkje Dale nøgd med.

– Det er jo ein grunn til at dei set opp rekkverk. Er folk uheldige, så skal dei ikkje gå på fjorden, men kunne stoppe i vegen.

Har registrert problemet

Magna Vangsnes i Statens vegvesen avviser at rekkverk ikkje blir prioritert. Det siste året har det blitt brukt 15 millionar kroner på nye rekkverk langs fylkesvegane. Det tilsvarar 20-25 kilometer. I tillegg kjem rekkverk på nye fylkesvegar.

Magna Vangsnes

KLAR OVER PROBLEMET: Magna Vangsnes i Statens vegvesen seier dei tek rekkverk på alvor, men at dei ikkje greier å rekke over alt.

Foto: Eli Eikenæs Vengen (MMS-foto)

– Fylkeskommunen har brukt meir pengar på rekkverk dei siste åra enn det som har vore gjort tidlegare. Når me prioriterer kor midlane skal brukast, så vel vi dei verste plassane først og der det er mest trafikk, seier ho.

– Men med det store vegnettet vi har og det terrenget som er i fylket vårt, så får vi ikkje alltid gjort så mykje som vi skulle ønskje, seier ho.

Når det gjeld strekninga mellom Arnafjord og Vik, seier ho vegvesenet har registrert problemet.

– Der er det ønskjeleg at vi får gjort noko, men det er eit stort behov i fylket og vi kjem diverre ikkje rundt til alle plassar, seier Vangsnes.