Hopp til innhold

Her er skattane vi ikkje får sjå - og dei risikerer å bli øydelagde

Oppbevaringsforholda på Sunnfjord Museum er under kvar ein kritikk, hevdar museumsleiinga. No krev dei å få på plass eit nytt magasinbygg snarast.

Om ikkje det skjer fryktar dei at mange, gamle skattar kan bli øydelagd. For på dei gamle lagera stemmer luftfuktigheita langt frå overeins med behovet til gjenstandane. Eit nytt magasinbygg vil også gjere det lettare for museet å vise fram dei skjulte skattane.

– Eg er pålagd eit samfunnsansvar for å ta vare på desse gjenstandane i nesten for all æve. Det er det som skal vere vårt perspektiv. Vi har god oversikt. Vi veit alt vi har og kor vi har det, men vi klarar ikkje, slik situasjonen er no, å gjere noko med oppbevaringsforholda, seier Gunnhild Systad, avdelingsleiar på Sunnfjord Museum.

Vert øydelagde

Sunnfjord museum har totalt registrert 13.000 gjenstandar frå tida etter reformasjonen og fram til om lag 2. verdskrig. No krev Systad og fleire med ho at eit nytt magasinbygg kjem på plass for å sikre dei gamle gjenstandane.

– Vi veit jo godt kva som skjer med gjenstandar som har feil oppbevaring, som har feil klima, altså temperatur og luftfukt. Det vert rett og slett øydelagd.

På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.

Kritisk til lagringsforhold på museum

Systad meiner at sjølv om dei tilsette har eit fagleg ansvar, men då Sunnfjord museum er blant dei som får offentlege tilskot for å utføre ei oppgåve, er det også eit samfunnsansvar å skaffe dei tilsette skikkelege vilkår for å oppfylle krava.

– Det er så kjekt å jobbe på museum, det er så kjekt å få det til, men det er så forferdeleg trasig når du veit du har eit krav du skal følgje opp, men at du ikkje har sjansen til det, seier ho.

Vurderer fråflytta base

Eit nybygg til nær 300 millionar kroner på museet sitt område vart for dyrt for fylkespolitikarane. Heimevernet sin fråflytta base på Skei blir no vurdert, men situasjonen er uavklart.

– Meir enn halvparten av gjenstandane våre er utilfredsstillande lagra, så vi risikerer tap av kulturhistoriske gjenstandar dersom det ikkje vert gjort noko, seier Harry Mowatt, styreleiar for Musea i Sogn og Fjordane.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier ho har forståing for frustrasjonen hos dei museumstilsette.

– Eg forstår at dei ønskjer fortgang i å få sikra gjenstandane, men vi leitar etter å få dette til på ein måte som er litt rimelegare enn vi hadde tenkt i utgangspunktet.