Hopp til innhold

Her er rådgjevarane som vil selje Fjord1

HERMANSVERK (NRK): I fleire år har desse tre innleigde rådgjevarane jobba time etter time i det skjulte for å finne ut om fylkeskommunen bør selje eigarskapen sin i Fjord1.

Rådgjevarar på Fylkesutvalet

RÅDGJEVARAR: Inge Ekker Bartnes, Odd Solheim og Torjus Stalleland er mennene som har overtydd fylkesrådmannen om at eit sal av Fjord1 til Torghatten vil vere det beste.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Måndag føremiddag orienterer rådgjevarane dei fremste politikarane her i fylket om sitt syn; som er å selje Fjord1 stykkevis og delt til det konkurrerande ferjeselskapet Torghatten ASA.

– Vi vil ikkje seie noko til pressa, var den klare bodskapen frå dei tre rådgjevarane, som fekk leggje fram sin bodskap til fylkesutvalet for lukka dører.

Dei tre rådgjevarane Inge Ekker Bartnes, Odd Solheim, Torjus Stalleland ville i første omgang heller ikkje gje opp namnet sitt til pressa.

Fylkesrådmann Tore Eriksen gav fredag ettermiddag si tilråding i den betente saka om sal av fylkeskommunen sitt dyrebare arvegods.

– Eg innstiller på at fylkeskommunen sel seg ned i ein overgangsperiode, og blir ståande som medeigar i tre, fire år. Deretter har vi sikra oss ein exit som gjer at vi kan gå heilt ut av selskapet, sa Eriksen til NRK sist fredag.

Tore Eriksen og Reidar Sandal

LUKKA DØRER: Styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, blir losa inn på møtet i fylkesutvalet av fylkesrådmann Tore Eriksen.

Foto: Grete Roska / NRK

I dag skal fylkesutvalet ta stilling til tilrådinga som fylkesrådmannen har kome med. Den har følgjande ordlyd:

«Sogn og Fjordane fylkeskommune sel aksjane i F1 Holding AS til Torghatten ASA. Salet inneber eitt trinnvis sal av aksjane ved at fylkeskommunen først sel 50 % av aksjane, medan Torghatten får ein rett (opsjon) til å kjøpe resterande 50 % tidlegast 1. januar 2017»

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes sa under opninga av møtet at ho ikkje likte at medlemene i fylkesutvalet ikkje hadde fått innstillinga skriftleg.

Fylkesrådmann Tore Eriksen repliserte då med at det han oppfattar som konfidensielle opplysningar hadde hamna ut i offentlegheita, og det var måten dei måtte gjere det på.

Tidlegare i år fortalde Eriksen at dei i 2014 brukte om lag 1,6 millionar kroner på innleigde konsulentar i Fjord1-saka. Fram til april 2015 brukte fylkeskommunen om lag ein million i tillegg til rådgjevarane.