Hopp til innhold

Lovar beinhard treningskvardag og satsing på lokale talent

Den tidlegare Leeds-proffen har ambisjonar om å ta Sogndal tilbake til eliteserien, og innføre litt av den britiske mentaliteten når han tek over som manager for klubben.

Eirik Bakke

NYE KOSTAR: Eirik Bakke har ein plan for kva som skal til for å få Sogndal tilbake i eliteserien.

Foto: NRK

– Eg vil ikkje gå inn i detaljar, men det blir ein mykje tøffare treningskvardag, det blir det, seier Bakke.

Påtroppande manager for Sogndal, Eirik Bakke, har ein klar plan for korleis han vil ta laget tilbake i eliteserien.

Vil ha tilbake fylkesprofilen

For det første seier Bakke det er viktig å få inn fleire lokale spelarar frå fylket.

– Det eg har lyst til å bruka litt tid på no er å finne dei rette typane. Me har allereie henta Kristoffer Ryland, som er ein ung spelar eg har veldig stor tru på, seier Bakke

Han nemner i fleng andre spelarar som kan vere interessante: Petter og Stefan Aase, Runar Hove og Tord Hovden frå Florø, Daniel Kvalvågnes og Erlend Moen Thaule frå Førde, Erling Myklebust frå Stryn og Edin Øy frå Årdal.

Kristoffer Ryland

FLEIRE LOKALE: Går det som Bakke vil, får fleire lokale fotballtalent frå fylket, slik som Kristoffer Ryland frå Florø, sjansen til å syne seg fram på Sogndal.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Det er mange spanande spelarar, men me må finna det rette tidspunktet for å henta dei. Spesielt dei som er i andredivisjon har allereie gode kamparenaer og hentar me dei, er det for at dei skal vera ein del av førstelaget.

Sesongen i år viste at ambisjonen om å vere eit fylkeslag kan by på praktiske utfordringar.

– Det som skjedde i haust var litt spesielt. Me mista tre lokale spelarar og fekk inn tre utlendingar på lån. Men før sesongen byrja me med elleve spelarar frå Sogn og Fjordane, og det er der me må prøva å ligga, seier Bakke.

Vil halda på Psyche og Brochmann

Det er seks spelarar på utgåande kontraktar. Nedrykket betyr at framtida kan sjå mørk ut for spelarane som kjem utanfrå fylket.

Likevel trekkjer Bakke fram to, Christophe Psyché og Tonny Brochmann, som han gjerne har med vidare.

Tonny Brochmann vart tidleg ein nøkkelspelar under Jonas Olsson. Men dansken har slite med å finne vegen tilbake til laget etter skade. For Brochmann lovar trenarskiftet godt, berre høyr her:

– Han er ein spelartype som eg likar. Han har noko me ikkje har i troppen per dags dato, seier Bakke.

Denne veka skal Bakke bruke til samtalar med alle spelarane. Då blir det avgjort kven som skal vere med å kjempe laget tilbake til ny eliteseriekontrakt.

– Eg ser ikkje bort frå at det kan bli noko med dei, men me får ta ein prat først, trur eg, seier Bakke.

Må vere open dør til Sogndal

Førde-trenar Torbjørn Glomnes, som også tidlegare har trena Sogndal, er glad for tankane til Bakke. Glomnes vart i 2011 kåra som tidenes Sogndal-trenar.

Mellom anna var han trenar då Sogndal spelte 2-2- i kvalifikasjonskampen mot Vålerenga i 2000-sesongen, og styrte Sogndal-skuta i glansperioden på byrjinga av 2000-talet. Han brenn for lokal talentutvikling.

Torbjørn Glomnes

LOKOMOTIV: Førde-trenar Torbjørn Glomnes meiner Sogndal skal vere eit lokomotiv for dei mindre fotballklubbane i fylket.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Den er heilt avgjerande slik eg ser det. No har eg jobba nokre år i Førde, og gulrota for dei spelarane her i Førde som trenar mykje og vil mykje, er døra inn til Sogndal. Sogndal skal vere eit lokomotiv for klubbane her i fylket, seier Glomnes.

Tore André Flo, Jostein Flo og Even Hovland er tre av mange spelarar som starta i mindre klubbar og som fekk fart på karrieren i Sogndal. No vil nye, unge talent få sjansen, trur Glomnes.

– Det som blir viktig er at vi har den døra inn til Sogndal, som vi kan lokke våre spelarar med. Den døra må stå open slik at vi har moglegheit at vi og spelarane får ein moglegheit til å presentere seg og vere med. Det trur eg er vegen å gå, seier Glomnes.

Vil ha tøffare treningar

Men det er ikkje berre spelarkabalen som skal leggjast i desse dagar. Bakke er no i ferd med å byggje opp eit trenarteam, som skal sette ut i praksis den fotballfilosofien Bakke står for.

– Eg har lyst til å gå ut med trenarteamet så fort som mogleg, men me må prata med dei involverte før me går offisielt ut med det, seier Bakke.

Men det er ikkje vanskeleg å lese mellom linjene at Ian McParland er eitt av dei heitaste namna til trenarjobben. Sogn Avis har tidlegare omtalt den meritterte skotske trenaren, som mellom anna har jobba under Sven Göran Eriksson i Notts County.

McParland er kjent for å vere ein intens og temperamentsfull trenar. Og sjølv om Bakke ikkje vil røpe namnet på assistenten heilt enno, stadfester han at målet er å innføre ein dose beinhard britisk fotballmentalitet i saftbygda.

– Då må eg passe på å få med meg folk som er gode på det, seier Bakke.

Vil tilbake til eliteserien

Målet er å gjere opphaldet i førstedivisjon så kort som mogleg.

– Det er ikkje berre å seie at ein skal rykke opp. Men eg har tru på at me skal få det til, seier Bakke.

Han trur ikkje kvardagen i førstedivisjon skil seg så veldig frå den i eliteserien.

– Den endrar ikkje så mykje, anna enn at me skal møta Levanger og ikkje Rosenborg. Det er mest storleiken på ting som endrar seg, seier Bakke.

Han har lenge vore budd seg på at kunne bli nedrykk. Likevel er det tungt når det faktisk skjer.

– Det skal svi litt å rykka ned. Eg håpar det er fleire som har det som meg i dag, seier Eirik Bakke.