NRK Meny
Normal

Her er planane for framtidas vegar og tunnelar

I forslaget til Nasjonal transportplan (NTP) vil fagetatane byggje og planlegge slik dei neste 20 åra.

Første salve på Støylsnestunnelen

FØRSTE SALVE: Her går den første salva for Støylsnestunnelen for mange år sidan. No vil fagetatane forlenge tunnelen ved den rasfarlege Kjøsnesfjorden i Jølster.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Ambisjonen om ferjefri E39 betyr at ein vil byggje fast samband over Sognefjorden på strekninga Oppedal - Lavik og over Nordfjorden på strekninga Byrkjelo - Grodås. Arbeidet med ferjefri E39 skal starte med bygging av Rogfast.

På E16 gjennom Nærøydalen i Aurland vil fagetatane bruke 1,7 milliardar på bygging av ein lang tunnel mellom Hylland og Sleen for å sikre mot skred.

Tre tunnelar i Jølster

På riksveg 5 i Jølster vil fagetatane forlenge Støylsnestunnelen vestover til Kjøsnes. Prosjektet er ei vidareføring av tidlegare arbeid med skredsikring langs Kjøsnesfjorden, og kan tidlegast starte opp i 2018.

Jølster-prosjekta E39 Skjersura og E39 Våtedalen er lagt inn i perioden 2024-2029 med høvesvis 700 og 1100 millionar kroner: E39 Skjersura omfattar bygging av tunnel med tilstøtande veg for å sikre Skjersura mot skred. E39 Våtedalen omfatter bygging av tunnel for å sikre fem punkt mot skred (Brendestølfonna, Kvitesvora, Bakkefonna, Steinløkkefonna og Sletteskredfonna).

– Dette er ein gledeleg dag for Jølster, seier Senterparti-ordførar Oddmund Klakegg.

Det blir altså føreslått bruk av om lag tre milliardar kroner til rassikringsprosjekt i kommunen hans.

– Dette er berre ei anbefaling frå Vegvesenet, korleis trur du kampen blir vidare fram mot at politikarane skal bestemme dette til neste vår?

– Vi får ei oppgåve med å få fram kor viktige desse prosjekta er. No er ikkje dette lokalvegar for Jølster. Dette er vegar som binder saman fylket. Det er ei overordna sak der tryggleiken til dei vegfarande og effektive vegkorridorar er det viktige, seier ordføraren.

Stad skipstunnel

PÅ LISTA: Stad skipstunnel kan bli løyvd 2,3 milliardar kroner, dersom innstillinga til NTP blir følgd av politikarane.

Foto: Illustrasjon: Appex/Kystverket

Skipstunnel er lagt inn

Stad skipstunnel ligg inne med ei løyving på nesten 2,3 milliardar kroner på høg ramme. Det vil seie at det no er opp til politikarane om dei faktisk vil prioritere så mykje pengar til den mykje omtalte skipstunnelen i perioden.

– Det som er viktig å få med seg kring dagens framlegging, er at etaten ikkje har prioritert kva prosjekt dei skal satse på. Dei har rangert prosjekta etter samfunnsøkonomiske og transportøkonomiske kriterier. Dette er ganske nytt, og dei har lagt til grunn ei strengare nytte-kost-vurdering, ikkje ei fagleg vurdering. Derfor blir den politiske prosessen viktigare enn nokon gong, seier prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad i Stad skipstunnel.

Vil la flyplassane leve

Ingen av flyplassane i Sogn og Fjordane er føreslegne nedlagde i perioden 2015-2019. I staden ønskjer etatane å utvide terminalområde og flyoppstilling på Florø lufthamn.

Det blir lagt opp til å gjennomføre den planlagde skredsikringa av riksveg 13 mellom Vik og Vangsnes med 600 millionar kroner. Fullføring av E39 Bjørset - Skei er lagt inn med 380 millionar kroner.

Det kjem også 70 millionar kroner til å fullfinansiere prosjektet rv 5 Loftesnesbrua i Sogndal. I Kalvåg vil dei kunne få 72 millionar, dersom politikarane går for den såkalla høge finansieringsramma i NTP. Den samme summen ligg inne på høg ramme for gjennomsigling i hovudleden Bremanger sør.

Prosjekt som Strynefjellet og tunnel gjennom Vikafjellet inngår ikkje i dei såkalla rammenivåa i NTP-forslaget. Statens vegvesen føreslår derimot å bruke 460 millionar til rassikring i Kvassdalen - den rasutsette strekninga like i forkant av det planlagde innslaget for Vikafjellstunnelen på Hordalandssida.

Ampere Lavik-Oppedal

SOGNEFJORDEN: Batteriferjer som MF Ampere blir ein saga blott når E39 blir ferjefri.

Foto: Rune Fossum / NRK

Slik blir bygginga av E39 gjennom fylket

I grunnlaget for NTP er det lagt inn kryssing av Sognefjorden med ny bruteknologi mellom Oppedal og Lavik til 15 milliardar kroner. Vegvesenet ser for seg at dette arbeidet kan starte i 2031.

På strekninga mellom Lavik og Byrkjelo er det lagt opp til såkalla møtefri veg til 12 milliardar kroner. Utbygginga skal i hovudsak følgje eksisterande veg. I sitt forslag til nasjonal transportplan føreslår vegvesenet følgjande framdriftsplan for utbetring av E39 gjennom Sogn og Fjordane:

  • Bogstunnelen - Gaular. Ny tunnel på E39 forbi Vadheim. Byggjeperiode 2023-2026.
  • Drægebø - Grytås og Birkeland - Sande. Under arbeid. Ferdig 2016.
  • Myrmel – Lunde. Byggjeperiode 2020-2022.
  • Langeland - Moskog - Vassenden (blant anna tunnel gjennom Hafstadfjellet forbi Førde). Byggjeperiode 2024-2029.
  • Bjørset - Skei. Oppstart 2016.
  • Byrkjelo-Grodås. Byggjeperiode 2028-2031.
  • Bru over Nordfjorden. Byggjeperiode 2025-2030.
  • Attståande strekningar er Lavik – Torvund og Vassenden - Bjørset. På desse strekningane er det først og fremst snakk om utbetring av eksisterande veg. På den første strekninga legg vegvesenet opp til byggjeperiode frå 2029-2032, medan dei i Jølster ser for seg at byggjestart i 2028.

Frå Skei til Byrkelo er det rasfarleg parti i Våtedalen. Det trengs ein del forundersøkingar for å fastslå trasé her. Det vil skje gjennom ein kommunedelplanprosess.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.