Hopp til innhold

Her er peparkakeversjonen av skipstunnelen

Håkon Raabe har laga Stad skipstunnel som peparkakehus. – Eg får håpe at skipstunnelen ikkje går opp i tusen knas, seier han.

Håkon Raabe har bygd Stad skipstunnel i pepperkake.

Håkon Raabe

BYGGEMEISTER: Håkon Raabe har bygd Stad skipstunnel som peparkakehus

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg har eigentleg inga greie for storslåtte peparkakehus, men tenkte å gjere noko annleis enn det vanlege huset i år, fortel Håkon Raabe.

Der er derimot ikkje tilfeldig at det var akkurat Stad skipstunnel han enda opp med å lage. Raabe er tilsett i SINTEF og har arbeida tett på skipstunnelen opp gjennom åra.

– I desember 2010 kom det ein rapport som var kritisk til utbygginga av skipstunnelen og meinte den var lite lønnsam. Då blei vi kontakta for å gå gjennom rapporten, og vår tilnærming var at det ville vere lønnsamt, fortel han.

– Håpar tunnelen blir realisert

Raabe sitt reknestykke overbeviste mange om at skipstunnelen var eit godt prosjekt i eit økonomisk perspektiv, og det har no støtte frå dei største partia på Stortinget.

– Eg er først og fremst økonom, og skal ikkje skryte det opp som ingeniørkunst på høgt nivå, seier Raabe om årets peparkakehus.

Han meiner sjølv at knusing av peparkakehus skal skje på nyåret, men har slått seg til ro med at ungdommane i huset kjem til å øydelegge det i løpet av romjula.

– Eg får håpe at skipstunnelen blir realisert, og ikkje går opp i tusen knas, smiler Raabe.