Hopp til innhold

Tala som betyr mest for deg og meg

Her er oversikta over alle pengane som går til ulike prosjekt i Sogn og Fjordane på statsbudsjettet for 2012 - og kva budsjettet får å seie for deg.

Sigbjørn Johnsen under finanstalen for statsbudsjettet 2012
Foto: Varfjell, Fredrik / Scanpix

Veldig mange av endringane i statsbudsjettet vil påverke deg og meg i Sogn og Fjordane direkte.

NRK har teke ein gjennomgang, og viser deg dei kanskje viktigaste endringane for folk i Sogn og Fjordane.

Her kan du sjå korleis endringane vil slå ut på lommeboka di:

Alkohol: Avgiftene på alkohol aukar med mellom 1,6 og 1,7 prosent, avhengig av volumprosent. Dette tilsvarer i praksis prisveksten i samfunnet.

Snus og røyk: I forslaget til statsbudsjett vil regjeringa auke snusavgiftene med 1,1 prosent. Sett i høve prisveksten elles, betyr det «billegare» snus. Tobakksavgiftene kan bli auka med 1,8 prosent i 2012.

Mat: Regjeringa foreslår å auke matmomsen med eitt prosentpoeng frå 14 til 15 prosent. Det vil betyr at ein kvitost blir 53 øre dyrare. Brukar du 80.000 kroner i mat i året, blir den samla rekninga no 700 kroner høgare.

Bil: Systemet for utrekning av eingongsavgift ved kjøp av ny bil vert lagt om og blir meir miljøvennleg. Bilar med låge CO2-utslepp får endå lågare avgift, medan bilar med svært høgt CO2-utslepp blir endå hardare straffa. Regjeringa foreslår også å redusere omregistreringsavgifta, og det ligg an til ein reduksjon på fem prosent i andre avgiftssatsar.

Barnehage: Det blir reelt sett billegare å ha barn i barnehage. Regjeringa forslår uendra maksimalpris i 2012.

Kontantstøtta: Regjeringa føreslår å avvikle kontantstøtta for toåringar. For born i alderen 13-18 månader føreslår regjeringa å auke satsen til 5000 kroner i månaden.

Formuesskatt: Regjeringa aukar i neste års statsbudsjett botnfrådraget for formueskatten med 50.000 kroner, til 750.000 kroner. Det blir samstundes dyrare å eige hytte - likningsverdien for fritidsbustad vert auka med 10 prosent. Det same gjeld fast eigedom i utlandet.

Toppskatt: Innslagspunktet for toppskatt vert auka med 4 prosent i både skatteklasse 1 og skatteklasse 2, til 490.000 kroner og 796.400 kroner.

NRK-lisensen: Vert auka med 95 kroner til 2580 kroner.

Her er dei viktigaste tala for fylket vårt:

Høgskulen: Regjeringa vil løyve 3,1 millionar kroner for å vidareføre og trappe opp med nye kull dei studieplassane som vart tildelte i 2009 og 2011 ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det gir ei auke på 37 studieplassar frå 2011 til 2012. Det ligg inne ei auke på 875 000 kroner for å vidareføre satsinga på dei nye grunnskulelærarutdanningane.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane med 7,4 millionar kroner i husleigekompensasjon for nytt sentralbygg. Totalt vert det foreslått ei løyving på 290 millionar kroner til høgskolen.

Kultur: Norsk Country Treff i Breim blir tildelt knutepunktstatus frå 2012 med eit tilskot på 1,2 millionar kroner.

Kultur: Regjeringa foreslår at Opera Nordfjord får ein auke i tilskotet på 300 000 kroner.

Helse: Det ligg inne eit forslag om knappe 26 millionar kroner til Nasjonalt prosjekt - lokalsjukehus, Nordfjord.

Basen i Florø: Redningshelikoptertenesta sitt detasjement i Florø vert vidareført med døgnkontinuerleg vakt med lege i 2012.

Bremanger: Bremanger kommune får tilsegn om tilskot til kai i Kalvåg på 9,375 millionar kroner.

Verneområde: Forvaltinga av verneområda vert styrkt på landsbasis. Regjeringa foreslår å gje 8 millionar kroner til disposisjon for verneområdestyra til bruk på verneområda.

Samferdsle - (sjå eiga sak her):

  • Regjeringa vil løyve 120 millionar kroner til E39 Torvund - Teigen. Prosjektet omfattar ein om lag 5,5 kilometer lang strekning i Høyanger kommune, der om lag 2,6 kilometer blir lagt i tunnel. Anleggsarbeida tok til i desember 2009, og prosjektet skal etter planen opne for trafikk desember 2012.
  • Ein foreslår å løyve middel til å vidareføre arbeidet med prosjektet E39 på Anda ferjekai. Det er også foreslått pengar til E39 Lavik ferjekai.
  • Regjeringa vil løyve pengar til vidare planlegging, prosjektering og andre førebuingar med sikte på anleggsstart i 2013 på delar av strekninga E39 Vadheim - Sande - Førde.
  • Regjeringa foreslår å løyve 200 millionar kroner til E39 Kvivsvegen. Prosjektet omfattar omlegging av E39 i ny trasé gjennom Kviven, med vel 17 kilometer ny veg frå Grodås i Hornindal kommune i Sogn og Fjordane til Geitvika i Volda kommune i Møre og Romsdal og om lag 3 kilometer sidevegar og 1,5 kilometer gang- og sykkelveg. Anleggsarbeidet tok til i januar 2009, og prosjektet vert etter planen opna for trafikk i desember 2012.
  • Regjeringa vil løyve 215 millionar kroner til E16 Smedalsosen - Maristova - Borlaug.
  • Regjeringa foreslår å fullfinansiere utbetringa av E16 på strekninga Seltun - Stuvane i Lærdal kommune.
  • I budsjettforslaget foreslår Regjeringa å løyve 5 millionar i statlege midlar til prosjektering av riksveg 5 Loftesnes bru, med sikte på anleggsstart i 2013.

Arbeidsgjevaravgift: Regjeringa har frå 2007 gjeninnført ordninga med regionalt differensiert arbeidsgjevaravgift. Dei områda som ikkje har fått gjeninnført 2003-satsane fullt ut, blir kompensert.