Hopp til innhold

Her er påskequizen for 9. april

Har du lyst på litt hjernetrim i påska? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane 2017
Foto: Kandal, Breivik, Skjerdal, Haugen, Snærland, Blom, Gytri / NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding der du får testa litt av kunnskapen din om Sogn og Fjordane. Dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vårt, kommunane og personar som har tilknyting til dei flotte fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein sekk med litt påskegodt i posten.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Gloppen Musikkfest får i haust besøk av eit stort orkester som berre har vore i Sogn og Fjordane ein gong tidlegare. Kva orkester er det?
  2. Det blir no bygd ein kopi av Myklebustskipet på Nordfjordeid. Dette er eit av dei største vikingskipa det er funne restar av i Norge. Kva heitte kongen som ifølgje historikarane vart gravlagt i skipet? Kong?
  3. Ei ung Førde-jente har gjort det godt i ein av dei store vinteridrettane denne vinteren. Ho er fødd i 1997, og fekk då det namnet som ifølgje SSB vart det mest populære jentenamnet i Sogn og Fjordane dette året? Kva heiter ho? Vi vil ha førenamnet.
  4. Kva heiter tunnelen som munnar ut ved Mannheller ferjekai?
  5. Kva er det dei etter planen skal hogge opp, vedlikehalde og byggje om på Lutelandet?
  6. To Sogndal-spelarar har dei siste månadane reist frå saftbygda til fordel for ein gulkledd klubb i Obos-ligaen. Kva heiter den klubben?
  7. Ein tradisjonsrik fabrikk vart totalskadd i brann på nyttårsaftan. Kvar ligg fabrikken?
  8. Kva type vêr er det nedbørsstasjonen på Brekke i Takle er mest kjent for?
  9. I januar kunne du lese på NRK.no om to gode naboar i Aurland som har bygd seg kvart sitt knøttlite hus. Kva namn går slike hus under i USA?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!