Hopp til innhold

Her er påskequizen for 8. april

Har du lyst på litt hjernetrim i påska? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane 2017
Foto: Kandal, Breivik, Skjerdal, Haugen, Snærland, Blom, Gytri / NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding der du får testa litt av kunnskapen din om Sogn og Fjordane. Dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vårt, kommunane og personar som har tilknyting til dei flotte fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein sekk med litt påskegodt i posten.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. På fylkestinget for ungdom like før påske vart ein 17-åring frå Eid valt til leiar av ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane. Kva heiter han til etternamn?
  2. Ifølgje Statistisk sentralbyrå var dette det mest populære jentenamnet i Sogn og Fjordane i fjor?
  3. I tillegg til å vere elektrikar og energimontør har ordføraren i Hornindal også hatt ein annan jobb dei siste åra. Som kva for noko?
  4. Det bur knappe 800 personar i den minst folkerike kommunen i Sogn og Fjordane. Kva heiter den største øya i denne kommunen?
  5. Administrasjonssentera i kommunane Vik og Lærdal har den same karakteristiske endinga i namnet. Kva bokstav sluttar desse namna på?
  6. Kva type fabrikk er det selskapa Simas og Ecoinwaste ønskjer å etablere på Håbakken i Lærdal?
  7. Kva heiter staden i fylket der E39 går i ein tunnel under rullebana på ein flyplass?
  8. Sogn og Fjordane har i dag fire representantar på Stortinget. Kven av dei har, ifølgje Stortinget sine eigne tal, lengst ansiennitet som stortingsrepresentant? Vi vil ha etternamnet.
  9. Og frå kva kommune kjem den av desse fire stortingsrepresentantane med kortast ansiennitet på tinget?
  10. 14 år gamle Jakob Stavang Stubhaug frå Florø er ein av dei yngste spelarane i forbundet sitt nye talentutviklingsprogram. I kva idrett?
  11. 500 millionar kroner blir sett av i Nasjonal Transportplan til å utbetre flaskehalsen mellom Myrmel og Lunde på E39. I kva kommune ligg denne strekninga?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!