Hopp til innhold

Her er påskequizen for 28. mars

Likar du å bryne deg på ein quiz eller to over ein god påskefrukost? Eller kanskje medan du nyt vårvêret i solveggen på hytta? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane
Foto: NRK/NTB Scanpix/Arne Veum/Truls Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Skriv ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får krus med noko godt i. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Storen eller Store Skagastølstind er med sine 2405 meter over havet det høgaste fjellet i Sogn og Fjordane. Fjellet ligg på grensa mellom to kommunar. Vi vil ha namnet til kommunen som startar med ein konsonant.
  2. Kvar månad kjem NAV med nye tal for dette. Tala i vårt fylke er på veg oppover, men framleis er vi blant fylka der denne er lågast. Kva snakkar vi om?
  3. Tre tettstadar i Sogn og Fjordane har bystatus. To av dei deler same forbokstav, men kva heiter den tredje?
  4. Smale bygdevegar, Grotlesanden og Hornelen vart alle viste fram i det som vart omtalt som den dyraste musikkvideoen i Norge. Men kva heiter rap-duoen som spelte inn musikkvideo i Bremanger?
  5. Ifølgje Statistisk sentralbyrå var dette det mest populære gutenamnet i Sogn og Fjordane i 2015. Kva namn snakkar vi om?
  6. Eit skipsverft blir rekna som den største bedrifta i Hyllestad. Kvar i kommunen ligg det?
  7. Vettisfossen blir rekna som det høgaste uregulerte fossefallet i både Norge og Nord-Europa. Men i kva kommune ligg den?
  8. Han har vore leiar for Unge Venstre og sit no som stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane. Kva heiter han til etternamn?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!