NRK Meny
Normal

Her er påskequizen for 26. mars

Likar du å bryne deg på ein quiz eller to over ein god påskefrukost? Eller kanskje medan du nyt vårvêret i solveggen på hytta? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane
Foto: NRK/NTB Scanpix/Arne Veum/Truls Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Skriv ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får krus med noko godt i. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Lisa Førde Refsnes var politiadvokat i fleire år, men sidan 2013 har ho hatt ei anna viktig rolle i Sogn og Fjordane. Veit du kva ho jobbar som?
  2. Kva heiter komikaren som vart kjent for å spele den uvettige skiløparen Severin Suveren i samband med ein programserie på NRK om fjellvettsreglane i 1989? Vi vil ha førenamnet.
  3. Kommunal- og moderniseringsministeren har fleire gonger vore i Sogn og Fjordane dei siste månadane for å snakke om kommunesamanslåing. Veit du kva han heiter til etternamn?
  4. Bandet Rynka har hatt ein kjempehit med ei låt om paradegata i Høyanger. Kva er namnet på gata og låten?
  5. Kva heiter vegen du køyrer på om du tek turen mellom Vassenden og Førde?
  6. Vegstubben med det spesielle tilnamnet Griserumpa vart historie då vegen i området vart lagt om. Veit du kvar?
  7. Basert på hendingar som skjedde på Strynefjellet under invasjonen av Norge i 1940 laga Petter Næss ein film om tyske og britiske flygarar som måtte overleve vinteren i same jakthytte. Veit du kva filmen heiter?
  8. Kong Harald har lagt sin elsk på ei lakseelv i fylket, kva for ei?
  9. Nikolai Astrup og Ludvig Eikaas har eit museum på kvar si side av kva vatn?
  10. Eit fjell i fylket har i det siste fått svært mykje merksemd av naturvernarar landet rundt. Kva fjell snakkar vi om?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå