NRK Meny
Normal

Her er påskequizen for 25. mars

Likar du å bryne deg på ein quiz eller to over ein god påskefrukost? Eller kanskje medan du nyt vårvêret i solveggen på hytta? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane
Foto: NRK/NTB Scanpix/Arne Veum/Truls Kleiven
Anna Gytri
Journalist

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Skriv ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får krus med noko godt i. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Denne kommunen heilt sør i Sogn og Fjordane har gått saman med sju kommunar i Nordhordland med planar for det som kan bli landets største kommune. Kva kommune er det?
  2. På riksveg 15 over Strynefjellet melder Vegvesenet ofte at det er stor fare for eit dyr på strekninga mellom Dønfoss og Grotli. Kva dyr?
  3. Kor mange kommunar i Sogn og Fjordane har Venstre-ordførar? Skriv svaret med bokstavar
  4. «Det lyser i stille grender» er denne forfattaren frå Fjaler sitt kanskje mest kjende dikt. Kva heiter forfattaren til etternamn?
  5. Ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg blir drifta av Norled. Veit du kor mange fleire ferjesamband selskapet driftar i Sogn og Fjordane? Skriv svaret med bokstavar.
  6. Dronning Sonja var Førdefestivalen sin høge beskyttar frå 2006 til 2011. Sidan då har ei anna kvinne teke på seg rolla, kven? Ho har ein kongeleg tittel, men vi vil berre ha namnet hennar.
  7. Til kva kommune høyrer Bulandet og Værlandet til?
  8. Ligg Skjolden lenger nord eller lenger sør enn Dale? (Svar anten nord eller sør)
  9. Mange reiser heim til påske. Ein artist frå Nordfjord har laga ei svært populær låt som handlar om det å kome heim. Artisten fyller no 50 år og har lagt bak seg 35 år som artist. Kva heiter han til etternamn?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!

Denne helga blir Countryfestivalen på Breim arrangert for 23. år på rad. Men det er ikkje berre musikken som står i sentrum. Det gjeld å kjenna kleskodane og å ha det rette utstyret.
  
Rumlefelt får ned antall alvorlige møteulykker
  
Gondolbana i Loen, basehopparar som gjer seg klar til å hoppe, basehopparar i lufta, go pro bilete frå basehopp, Loen sett frå Hoven, Folk på Hoven, Folk tek bana opp og ned