Her er påskequizen for 24. mars

Likar du å bryne deg på ein quiz eller to over ein god påskefrukost? Eller kanskje medan du nyt vårvêret i solveggen på hytta? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane
Foto: NRK/NTB Scanpix/Arne Veum/Truls Kleiven
Anna Gytri
Journalist

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Skriv ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får krus med noko godt i. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. For mange blir ikkje påska den same utan dette. Det kan vere i form av ei bok, ein tv-serie eller teikningar på mjølkekartongen. Forstår du kva vi er ute etter?
  2. Eid og Luster var i fjor haust med på eit prøveprosjekt i regi av Regjeringa. Kva var det 16- og 17-åringane i desse kommunane fekk ved kommune- og fylkestingsvalet?
  3. Når du skal over Strynefjellet må du gjennom tre tunnelar, Oppljostunnelen og Grasdaltunnelen er to av dei. Kva heiter den tredje?
  4. Den vestlegaste kommunen i landet ligg i Sogn og Fjordane og heiter?
  5. Idrettslaget på Leikanger vart skipa for 110 år sidan, då under namnet Leikanger skilag. No er klubben kjent under eit anna namn, veit du kva?
  6. Kvar nyttårsnatt går eit underleg opptog gjennom gatene ein stad i fylket, eit opptog med namnet Kjippen. Veit du kvar?
  7. Med ein hårfin bom glapp VM-gullet for Johannes Thingnes Bø på 20-kilometeren under VM i Holmenkollen. Veit du kva austerrikaren som tok bronsen heiter? Vi vil ha etternamnet.
  8. Med sine 205 kilometer blir den rekna som den lengste fjorden i Norge. Kva fjord snakkar vi om?
  9. Kommunesamanslåing er eit brennheitt tema om dagen. Men veit du kor mange kommunar det er i Sogn og Fjordane per i dag? Skriv svaret med bokstavar.
  10. Nils R. Sandal tok i 2014 over etter Aud Kari Isane som leiar i det som blir rekna som den største frivillige organisasjonen i fylket. Fullfør organisasjonsnamnet som startar med Sogn og Fjordane.
  11. Denne DNT-hytta ligg øvst i Fortunsdalen i Luster. Sommarstid kan du køyre bil heilt fram og hytta er ypparleg som base for både korte og lengre turar. Kva heiter hytta?
  12. På eit gardskjøken i Gloppen produserer dei nær elleve tonn av dette nisjeproduktet årleg. Mange reknar det som ei delikatesse og det er spesielt mykje brukt saman med lefse. Kva produkt snakkar vi om?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.