Her er påskequizen for 22. mars

Likar du å bryne deg på ein quiz eller to over ein god påskefrukost? Eller kanskje medan du nyt vårvêret i solveggen på hytta? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane
Foto: NRK/NTB Scanpix/Arne Veum/Truls Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Skriv ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får krus med noko godt i. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Kor mange kommunar i Sogn og Fjordane har ordførar frå Kristeleg Folkeparti? Skriv svaret med bokstavar.
  2. Den såkalla Hetle-saka er rekna som den mest omstridde og omtalte justismord-saka i norsk rettsvesen si historie før Torgersen-saka i 1958 og Liland-saka i 1970. Saka har bakgrunn i eit dødsfall i 1906, men i kva kommune i Sogn og Fjordane?
  3. Erling Sande sat fleire periodar på Stortinget for Senterpartiet. Han kjem frå Bremanger, men veit du kva kommune han bur i no?
  4. Johannes Thingnes Bø tok to gull og ein bronse under VM i skiskyting like før påske. Det same gjorde ein kvinneleg norsk utøvar. Kva heiter ho til etternamn?
  5. Lærdal er ikkje berre kjent for å ha gode forhold for frukt og bær. Ei til dels utskjelt grønsak blir ofte sett i jorda i kommunen rundt desse tider. Kva grønsak snakkar vi om?
  6. To gulleple prydar kommunevåpenet til ein kommune der frukt har vore og framleis er svært viktig. Veit du kva kommune vi snakkar om?
  7. Over heile landet kan du gå i butikken å kjøpe vatn som er tappa i Sogn og Fjordane. Namnet på vatnet er også ein stad i fylket, kva stad snakkar vi om?
  8. Tenk deg at du skal ta ferje ein stad i Sogn og Fjordane. Sambandet du skal over opna i 1995, og du kan bli ståande inni fjellet medan du ventar. Veit du kvar du er?
  9. Ti av femten kommunestyrerepresentantar i Solund er kvinner, deriblant ordføraren. Men kva heiter ho? Vi vil ha det siste av hennar to etternamn.
  10. Kva heiter smelteverket i Svelgen?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!