Hopp til innhold

Her er påskequizen for 21. mars

Likar du å bryne deg på ein quiz eller to over ein god påskefrukost? Eller kanskje medan du nyt vårvêret i solveggen på hytta? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane
Foto: NRK/NTB Scanpix/Arne Veum/Truls Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Skriv ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får krus med noko godt i. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Etter orkanen Dagmar har det vore mykje fokus på at kommunane må bli flinkare på bruk av ein spesiell type telefon dersom telefonlinjene dett ut. Kva type telefon snakkar vi om?
  2. Kva heiter hovudvegen som går over Filefjell?
  3. Om du får lyst til å reise på Gamalostfestivalen, kvar reiser du då?
  4. I påska fyller du dette med godteri eller du et det blautkokt på skiva. Kva snakkar vi om?
  5. DNT har fleire populære turisthytter i Sogn og Fjordane. Den vestlegaste ligg heilt nede ved havet i Solund. Veit du kva den heiter?
  6. Natur og Ungdom hadde i fleire veker demonstrasjonar i Vevring, der dei protesterte mot fjorddeponi. I spissen står ei ung kvinne med etternamn Skjoldvær. Fornamnet delar ho med ei norsk prinsesse, veit du kva namn vi er ute etter?
  7. Den dårlege vegen over Ramsdalsheia mellom Svarthumle og Naustedalen i Sunnfjord vart i 1995 erstatta av ein tunnel. Her måtte bilistane betale bompengar i 15 år. Kva heiter tunnelen?
  8. Denne dagen er dei kristne si markering av Jesus sitt siste måltid saman med disiplane. Kva blir denne dagen kalla?
  9. Bønder i Eid frykta på nyåret at eit frykta rovdyr var på besøk i bygda, men hårprøver kunne ikkje bevise dette. Kva dyr snakkar vi om?
  10. Vågsøy og Selje er inne på tanken om å slå seg saman med ein kommune sør i Møre og Romsdal. Kva kommune?
  11. Artisten frå Sogn og Fjordane var blant dei som fekk spele på Universitetsplassen i Oslo under VM i skiskyting nettopp. Kva heiter ho til førenamn?
  12. Har vegen over Vikafjellet status som riksveg eller europaveg?
  13. Kor tid på dagen får du høyre platehelsingar på radioen i NRK Sogn og Fjordane?
  14. Er det berre i sommarhalvåret du kan ta deg ein tur med Flåmsbana?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!