Hopp til innhold

Her er påskequizen for 20. mars

Likar du å bryne deg på ein quiz eller to over ein god påskefrukost? Eller kanskje medan du nyt vårvêret i solveggen på hytta? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane
Foto: NRK/NTB Scanpix/Arne Veum/Truls Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Skriv ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får krus med noko godt i. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Kva kommune er det som har eit geitebukkhovud i sølv i kommunevåpenet sitt?
  2. Arne Johannessen er eit kjent namn for mange. Kva etat er det han jobbar i?
  3. Kva heiter den mest vanlege haifisken langs Norskekysten, som du også kan få på kroken i vårt fylke?
  4. Varaordføraren i Vik er også fengselsleiar ved Vik fengsel. Veit du kva han heiter til mellomnamn?
  5. 18. januar 2014 braut det ut ein stor og øydeleggjande brann i fylket vårt. Til alt hell gjekk ingen liv tapt, men brannen øydela 42 bygg fullstendig. Kvar i fylket var dette?
  6. Du visste det kanskje ikkje, men programleiaren som mellom anna er kjent frå Idol i 2004, 2005 og 2006 budde i Vik frå ho var tre til ti år. Vi er på jakt etter førenamnet hennar, som ho også deler med barne- og likestillingsministeren.
  7. Mange kommunar samarbeider om kommunale tenester, som til dømes barnevern og legevakt. Kva blir slike samarbeid ofte kalla?
  8. Kommunane Eid og Gloppen diskuterer om dei skal slå seg saman. Namnet dei vil ta har ført til diskusjon. Veit du kva dei har lyst å kalle seg?
  9. Hyaren Morten Aa Djupvik er sjef for nokre av verdas beste innan denne idretten, veit du kva idrett vi snakkar om?
  10. Keisar Wilhelm var ifølgje myten i Sogn då han fekk meldinga om at første verdskrig var uunngåeleg. I dag står stolen han sat i då han fekk beskjeden på eit hotell i Balestrand. Veit du kva hotellet heiter?
  11. I både 2013 og 2015 var det dramatiske brannar i Gudvangatunnelen på E16. Begge brannane oppstod i same månad i året, kva heiter den månaden?
  12. Kva verksemd har gitt Sogndal tilnamnet «saftbygda»?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!