Hopp til innhold

Her er påskequizen for 19. mars

Likar du å bryne deg på ein quiz eller to over ein god påskefrukost? Eller kanskje medan du nyt vårvêret i solveggen på hytta? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane
Foto: NRK/NTB Scanpix/Arne Veum/Truls Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Skriv ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får krus i posten med noko godt i. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Fylkesfuglen i Sogn og Fjordane er liten, men kraftfull. Den klarer seg godt også i vekslande vintervêr og blir sagt å ha litt av eit temperament. Kva heiter den?
  2. Då Høyangertunnelen opna i 1982 var det den lengste vegtunnelen i Norge. I dag er tunnelen framleis blant dei lengste i Sogn og Fjordane. Kor lang er den? Rund opp til næraste heile kilometer og skriv svaret med bokstavar.
  3. Allereie i 1874 vart ideen om denne lansert og dei siste åra er det blitt gjort ei rekkje utgreiingar. No ser det ut til at pengane endeleg kjem for å få bygd den mellom Kjødepollen og Moldefjorden i Nordfjord. Kva snakkar vi om?
  4. Nærøyfjorden er på UNESCO si verdsarvliste. Det er også ei kyrkje i fylket. Kva heiter den?
  5. Fjordfylket og trivselsfylket er blant tilnamna til Sogn og Fjordane. Kjem du på eit anna? Hint: Det har med språk å gjere.
  6. I kva kommune er Sandøya, Hisarøya og Byrknesøy er blant dei største øyene?
  7. Arild Ingar Lægreid har vore ordførar i Årdal sidan 2002. For kva parti?
  8. Om påskeharen var ekte ville den truleg vore redd for dette rovdyret med kvit haletipp. Kva dyr?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!