Hopp til innhold

Her er påskequizen for 19. april

Kanskje er du allereie byrja på påskeferien? Og kanskje det freistar med å teste dei små grå på nokre påskenøtter? Her er NRK Sogn og Fjordane sin påskequiz 2019.

Bilete til påskequizen 2019
Foto: Scanpix/NRK/Anre Walaker Mørkrid/Privat/Sogn Brann og Redning

For også i år vil NRK Sogn og Fjordane servere deg ein quiz, med lette og vanskelege spørsmål frå det som har skjedd i, og med folk frå, fylket vårt sidan nyttår.

Kvar dag i påska trekkjer vi ut ein heldig vinnar av eit NRK-krus med noko godt oppi. Alle som leverer rett svar i løpet av påska er med i trekninga om ein DAB-radio.

For kvart spørsmål samlar du deg opp bokstavar, som vi spør etter. Desse bokstavane blir til saman det daglege løysingsordet vi skal fram til. Ordet har, på ein eller annan måte, noko med påske å gjere. Løysingsordet du kjem fram til sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Det er verd å merke seg at fristen for å levere inn svar er klokka 23:59 den dagen quizen er lagt ut.

Så kvess blyanten, finn fram papir og viskelêr. Og løys gjerne oppgåvene saman med andre.

Spørsmål

  1. Ein epoke var over då Leif Inge Underdal gav frå seg Nærbutikken til Geir-André Gilbu på nyåret. I 100 år har butikken vore i Underdal sin familie, men eigarskifte fann stad for å hindre at bygda mistar butikken sin. Kva heiter butikken i Undredal? Vi skal fram til niende bokstav.
  2. Kjerstin Boge Solås frå Dale blir handballproff i utlandet. Kva heiter den ungarske toppklubben ho har signert for? Og kva er sjette bokstav?
  3. Den amerikanske turisten var definitivt ikkje skodd for underlaget då han i vinter var på tur i Sogn. For lite visste han at vegen han valde var vinterstengd, og gjort om til skiløype. Kva heiter denne populære vegen? Her skal vi ha andre bokstav.
  4. – Eg veit at nokon av skodespelarane våre har gråte på kvar prøve, sa produksjonsleiar Karoline Solbakken før Sogn og Fjordane teater si første framsyning av «Alt det lyse og alt det mørke». Stykket som rørte skodespelarar til tårer er basert på romane til ein forfattar frå Sogn. Kva er første bokstav i etternamnet hans?
  5. Kristine Ryssdalsnes Horvli vart kåra til årets gloppar 2018 for rolla ho spelar i NRK-serien «Lovleg». Serien blir spelt inn på Firda vidaregåande skule på Sandane, men kva heiter karakteren 21-åringen spelar? Her skal vi ha andre bokstav.
  6. Journalist Roger Sevrin Bruland har hatt Aust-Europa og Balkan som sine spesialområde gjennom ti år i utanriksredaksjonen i NRK. Og i haust tek han over etter Guri Norstrøm som korrespondent i ein europeisk storby. Kva by skal vi fram til? Vi er på jakt etter tredje bokstav.