Hopp til innhold

Her er påskequizen for 18. april

Kanskje er du allereie byrja på påskeferien? Og kanskje det freistar med å teste dei små grå på nokre påskenøtter? Her er NRK Sogn og Fjordane sin påskequiz 2019.

Bilete til påskequizen 2019
Foto: Scanpix/NRK/Anre Walaker Mørkrid/Privat/Sogn Brann og Redning

For også i år vil NRK Sogn og Fjordane servere deg ein quiz, med lette og vanskelege spørsmål frå det som har skjedd i, og med folk frå, fylket vårt sidan nyttår.

Kvar dag i påska trekkjer vi ut ein heldig vinnar av eit NRK-krus med noko godt oppi. Alle som leverer rett svar i løpet av påska er med i trekninga om ein DAB-radio.

For kvart spørsmål samlar du deg opp bokstavar, som vi spør etter. Desse bokstavane blir til saman det daglege løysingsordet vi skal fram til. Ordet har, på ein eller annan måte, noko med påske å gjere. Løysingsordet du kjem fram til sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Det er verd å merke seg at fristen for å levere inn svar er klokka 23:59 den dagen quizen er lagt ut.

Så kvess blyanten, finn fram papir og viskelêr. Og løys gjerne oppgåvene saman med andre.

Spørsmål

  1. Kinn Høgre har ein tidlegare ordførar på topp før komunestyrevalet i haust. Vi nemner ikkje namn, men vil fram til kva tittel mannen har no. Vi skal fram til første bokstav.
  2. 15-åringen Leander Øy har skrive kontrakt med eliteserieklubben Sarpsborg 08. Kva lokal fotballklubb representerer den 15 år gamle keeperen? Også her skal vi fram til første bokstav.
  3. Redningsmannskapet frå CHC Helikopter Service i Florø var dei første som kom fram til «Viking Sky» då cruiseskipet fekk store problem. Vi skal fram til tredje bokstav på vika der dramatikken oppstod.
  4. Ekteparet Marianne og Tor Grøthe frå Hemsedal såg seperasjon som einaste verkemiddel for å oppfylle draumen om eit småbruk i Bremanger. Kva plikt viste det seg å bli utfordrande med overtakinga av småbruket? Vi skal ha sjette bokstav.
  5. Stian Grimseth fekk i mars eit toppverv som han har hatt lyst på i mange år. For kva forbund skal naustedølen vere president for? Her skal vi ha andre bokstav.
  6. Trubadur, øl, heimesnikra bar og diskolys. Alt låg til rette for fest då ein pub vart opna ved ein institusjon i fylket i februar. I kva kommune ligg denne institusjonen? Og kva er andre bokstav i kommunenamnet?
  7. Førde volleyballklubb vart dobbelt cupmeister då både dame- og herrelaget kom heim frå Oslo med Kongepokalen i januar. Vi skal fram til andre bokstav i klubben som Førde møtte i begge finalane.
  8. Det var inga lita oppgåve Samuel Myklebust fekk. Saman med sju andre barn frå heile landet skal han fortelje politikarane om kva barn meiner om klimaspørsmålet. Men kva miljøorganisasjon representerer 11-åringen frå Kjølsdalen? Vi skal ha første bokstav.