Her er påskequizen for 17. april

Kanskje er du allereie byrja på påskeferien? Og kanskje det freistar med å teste dei små grå på nokre påskenøtter? Her er NRK Sogn og Fjordane sin påskequiz 2019.

Bilete til påskequizen 2019
Foto: Scanpix/NRK/Anre Walaker Mørkrid/Privat/Sogn Brann og Redning

For også i år vil NRK Sogn og Fjordane servere deg ein quiz, med lette og vanskelege spørsmål frå det som har skjedd i, og med folk frå, fylket vårt sidan nyttår.

Kvar dag i påska trekkjer vi ut ein heldig vinnar av eit NRK-krus med noko godt oppi. Alle som leverer rett svar i løpet av påska er med i trekninga om ein DAB-radio.

For kvart spørsmål samlar du deg opp bokstavar, som vi spør etter. Desse bokstavane blir til saman det daglege løysingsordet vi skal fram til. Ordet har, på ein eller annan måte, noko med påske å gjere. Løysingsordet du kjem fram til sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Det er verd å merke seg at fristen for å levere inn svar er klokka 23:59 den dagen quizen er lagt ut.

Så kvess blyanten, finn fram papir og viskelêr. Og løys gjerne oppgåvene saman med andre.

Spørsmål

  1. Fotballspelaren Kristian Fardal Opseth fekk seg ny arbeidsgjevar i slutten av januar. Kva er niande bokstav i den tyrkiske superligaklubben?
  2. Knut Broberg beklaga i mars ei misforståing med eldre lærarar som kjende seg pressa til å pensjonere seg som lærarar i Flora kommune. Kva stilling har Broberg i kommunen? Vi skal ha andre bokstav.
  3. Eivind Helleland ynskjer å bli ordførar for Senterpartiet i Vik. Kva stilling har Helleland i dag, og kva er femte bokstav?
  4. NRK fortalde i februar den dramatiske historia om 100-åringen Oleksandr Chalich som overlevde som krigsfange i Årdal. Hugsar du kva land han Chalich kom frå? Vi skal ha andre bokstav.
  5. Firda og NRK fortalde i mars om Kristian S. Nordbø (19) som opplevde at vogntoget hans tok fyr gjennom ein av fylket sine mange tunnelar. Kva er femte bokstav i tunnelnamnet?
  6. Etter å ha vore med i ein TV-serie på NRK fekk hunden «Tico» ein ny heim hos Inge Brigt Kvile i Førde. Kva heitte TV-serien som viser korleis hundar kan hjelpe menneske med nedsette evner? Her skal vi fram til sjette bokstav.
  7. På ei og ei halv veke skrapa næringslivet i Vågsøy saman 45 millionar kroner for å realisere nokre våte planar Vågsøy har for Måløy. Prislappen er 150 millionar kroner, men kva er det dei vil byggje? Vi skal ha andre bokstav.
  8. Sogn og Fjordane har den lågaste arbeidsløysa i landet. Ein kommune skilta i februar med arbeidsløyse på under ein prosent, noko som var lågast her i fylket. Kva kommune? Vi skal ha tredje bokstav.
  9. Det er populært blant turistane å køyre Gamle Strynefjellsveg når dei skal mellom Grotli og Stryn. Difor var det fleire som reagerte då det like over nyttår vart kjent at vegen skal stengast for tyngre køyretøy. Kva status har denne vegen? Her skal vi ha femte bokstav.