Hopp til innhold

Her er påskequizen for 16. april

Kanskje er du allereie byrja på påskeferien? Og kanskje det freistar med å teste dei små grå på nokre påskenøtter? Her er NRK Sogn og Fjordane sin påskequiz 2019.

Bilete til påskequizen 2019
Foto: Scanpix/NRK/Anre Walaker Mørkrid/Privat/Sogn Brann og Redning

For også i år vil NRK Sogn og Fjordane servere deg ein quiz, med lette og vanskelege spørsmål frå det som har skjedd i, og med folk frå, fylket vårt sidan nyttår.

Kvar dag i påska trekkjer vi ut ein heldig vinnar av eit NRK-krus med noko godt oppi. Alle som leverer rett svar i løpet av påska er med i trekninga om ein DAB-radio.

For kvart spørsmål samlar du deg opp bokstavar, som vi spør etter. Desse bokstavane blir til saman det daglege løysingsordet vi skal fram til. Ordet har, på ein eller annan måte, noko med påske å gjere. Løysingsordet du kjem fram til sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Det er verd å merke seg at fristen for å levere inn svar er klokka 23:59 den dagen quizen er lagt ut.

Så kvess blyanten, finn fram papir og viskelêr. Og løys gjerne oppgåvene saman med andre.

Spørsmål

  1. 30 år med planlegging av Stad skipstunnel har gjeve eit stort tal rapportar. Like før jul bestilte Samferdsledepartementet ein ny som skal vere ferdig i juni. Kva nummer i rekka blir denne utgreiingsrunden? Vi skal ha talet i bokstavar, og er på jakt etter andre bokstav.
  2. Brødrene Aa i Hyen fekk store utfordringar då 2019 starta året med å bli stengd i fleire dagar. Kva var det som sperra vegen? Vi skal fram til siste bokstav.
  3. Fredag 22. mars streika tusenvis av ungdom over heile landet for eit betre klima. Engasjementet starta med ein 16-åring, og har spreidd seg over heile kloden. Men i kva skandinavisk land starta skulestreikane? Vi skal fram til fjerde bokstav.
  4. Det har vore ein eventyrleg sesong for skiskyttaren Johannes Thingnes Bø frå Stryn. Ikkje berre har han gått inn til 4,5 millionar kroner i premiepengar. Han tok også fleire verdscupsigrar enn nokon skiskyttar har gjort i løpet av ein sesong. Kven hadde den gamle rekorden? Vi skal tredje bokstav i etternamnet.
  5. Dei fann livsfarlege manglar på autovern i Lærdal, Sogndal, Jølster, Gaular, Førde, Gulen og Høyanger. Kva er sjuande bokstav i tilsynet vi skal fram til?
  6. Stine Hovland frå Vadheim tek permisjon frå barnehagejobben for å satse på fotball. I kva norsk klubb har den 28-årige landslagsspelaren sin treningskvardag? Vi skal ha andre bokstav.
  7. Like over nyttår hadde Lars Sponheim sin aller første dag på sitt nye kontor her i fylket. Vi skal fram til første bokstav i staden der den tidlegare Venstre-statsråden skal gjere seg viktige tankar for Vestlandet.
  8. Elisabet Haugsbø frå Bygstad er ikkje som andre hackarar. 32-åringen har nemleg som jobb å avdekke sårbare datasystem hos selskap. Det gjer ho nettopp ved å hacke. Haugsbø har så mykje kunnskap om temaet at ho tale om datatryggleik for næringslivstoppane under NHOs årskonferanse. Kva kallar vi ei slik kontrollert form for hacking? Vi skal ha første bokstav.
  9. Prøveprosjektet for ni sognebønder fekk ein trasig start på det nye året. Planen var å lage eksklusive, lokalproduserte salsvarer. Det vart det sett ein effektiv stoppar for då sikringen til fryselageret rauk og fire tonn kjøt måtte kastast. Kva dyr er kjøtet laga av? Her treng vi tredje bokstav.