Hopp til innhold

Her er påskequizen for 15. april

Har du lyst på litt hjernetrim i påska? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane 2017
Foto: Kandal, Breivik, Skjerdal, Haugen, Snærland, Blom, Gytri / NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding der du får testa litt av kunnskapen din om Sogn og Fjordane. Dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vårt, kommunane og personar som har tilknyting til dei flotte fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein sekk med litt påskegodt i posten.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. I Sogndal blir det no bygd ei ny Loftesnesbrui. Veit du i kva land dei enorme stålkonstruksjonane til brua er bygde?
  2. Over 100 gonger vart det viktige E39-sambandet Anda-Lote i Nordfjord kansellert i fjor. Kva heiter den etter kvart utskjelte ferja som har måtte avlyse på grunn av teknisk svikt og dårleg vêr? Namnet startar på «MF», vi vil ha resten.
  3. Det skal leggast 1,1 milliard kroner på bordet for å rassikre Kjøsnesfjorden i Jølster endå betre. Kva heiter tunnelen det er planlagt å forlenge med fem kilometer?
  4. I to år hadde Anders Fannemel frå Hornindal verdsrekorden i skiflyging. I mars mista han den. Først til ein lagkamerat, og så til ein austerrikar. Kva heiter han til etternamn?
  5. I mai nyttar mange høve til å gå den flotte skituren Jostedalsbreen på langs. Kvar i Stryn startar turen?
  6. Skikrinsen i Sogn og Fjordane er kritiske til at barn og unge brukar skismørjing med eit spesielt stoff som gir betre glid. Kva heiter dette stoffet?
  7. Like før midnatt den 1. januar i år kom årets nyttårsbarn i fylket vårt til verda på Førde sentralsjukehus. Var det jente eller gut?
  8. Veit du kor mange kilometer Gudvangatunnelen på E16 er? Rund ned til næraste heile kilometer, og skriv svaret med bokstavar.
  9. Gulen-guten Håkon Njøten fekk gode kritikar då Bergens Tidende melde hans siste låt "Lonely now". Kva artistnamn går Njøten under på den låta?
  10. Rema 1000 har fått mykje kjeft for å kaste ut eit spesielt syltetøymerke frå butikkane sine. Kva?
  11. Naustedølingane var ikkje nøgde med romjulspresangen dei fekk av kommunen i fjor. Kva skatt var det kommunen hadde auka?
  12. Kommunevåpenet til Hornindal viser ljåar, men kor mange? Skriv svaret med bokstavar.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!