Hopp til innhold

Her er påskequizen for 14. april

Har du lyst på litt hjernetrim i påska? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom påska.

Påskequiz Sogn og Fjordane 2017
Foto: Kandal, Breivik, Skjerdal, Haugen, Snærland, Blom, Gytri / NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding der du får testa litt av kunnskapen din om Sogn og Fjordane. Dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vårt, kommunane og personar som har tilknyting til dei flotte fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein sekk med litt påskegodt i posten.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Kvar i fylket står statuen av Fridtjof den frøkne?
  2. Kor mange jerv vart det i vinter gitt løyve til å felle i region 1 på Vestlandet? Skriv svaret med bokstavar.
  3. Sogndal tapte 3-1 i serieopninga mot Sarpsborg 08. Fekk du med deg kven som skåra Sogndal sitt mål? Vi vil ha etternamnet.
  4. Sogn og Fjordane, Hedmark og Møre og Romsdal er dei fylka i landet med flest kvinner og menn over 90 år i forhold til innbyggjartalet. Veit du kva fylket som ligg i botn av denne statistikken?
  5. I år er det 20 år sidan denne kjente lakseelva vart behandla med rotenon. Kva heiter den?
  6. Ungdomspolitikarane i dette partiet fekk noko overraskande med seg fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane på å seie nei til all konsekvensutgreiing i Lofoten, Vesterålen og Senja. Kva parti?
  7. I kva spektakulær dal ligg Avdalen gard, som også blir brukt som DNT-hytte?
  8. Kven er Miljøpartiet Dei Grøne sin førstekandidat til stortingsvalet? Vi vil ha etternamnet.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!